lotiel.org
{v.3} :: a mess

Dette er den siste historia eg skreiv under NaNoWriMo 2012. Eg har offisielt gitt den opp, og kjem ikkje til å fikse eller redigere den på nokon måte. Du kan difor lese den her, med alle skrivefeil og manglar.

UT OG REDDE KONGEN

Den vesle hytta stod i full fyr då guten kom heim frå byen. Han hadde vore ute for å drikke og den dagens lønning - ham hadde jobba overtid, så det hadde tatt lengre tid enn vanleg, og han sjamgla seg mellom dei små husa på den ujamne jordvegen. Heldigvis hadde han denne brannen å gå etter, den såg ut til å vere akkurat same stad som huset hans.

Det tok ei stund før han innsåg at det var hans hus som brann. Han sprang inn for å redde dei fire småsøstrene, men snubla i sine eigne føter før han kom fram til døra. Det var dessutan altfor varmt, og han hadde fått vondt i hovudet.

Resten av landsbyen fann han snorkande utanfor hytta neste morgon. Han hadde ikkje komme på jobb, så dei prøvde vel å finne ut kvar han var.

Du må vakne! ropte sjefen hans, ei gammal tjukk dame som alle i landsbyen var redd for, sjølv faren hennar, borgarmeistaren.

Guten kunne ikkje anna enn å gjere som ho sa, så han strekte på seg, prøvde å dra dyna lenger over seg, rakk ut armen etter knappen på vekkerklokka. Ingen av tinga var der, så han vart nøydd til å opne auga.

Ein ring av folk stod rumdt han, kalandramde. Han prøvde å reise seg opp, men merka at han var for kvalm og svimmel. Dssu'tan hadde han forferdekeg vondt i halsen. Han blei diøed liggjande halvt oppreist på elbogane.

Postmeisteren, sjefen hans, såg ned på han igjen. Eit postbod ligg ikkje og dormar til lamgt på dag, sa ho. Kom deg opp.

Han såg rundt seg, meellom beina på alle dei viktige folka ein ikkje måtte komme på feil side av. Han var heikt sikker på at han hadde somna framforr huset sitt, han hadde gjort det før når ham hafde voere for full til å treffe låsen med nøkkelen. Huset hans var ikkje ddr. I staden stod mopkre utbeemde trestokkar på plassen mellom uthuset ogb vegen.

Han reidte seg brått opp, for brått, så ham måtte bane seg veg gjennom mengda og kaste opp i ein busk.

Ham kumme følr dei stikkande gamle auga deita i nakken medan han tømde magen. Eg hatar dei, tenkte han,men trektee det raskt tilbake. Hat var eit sterkt ord. Han øislikte dei. Han skulle ønskje dei akdri var fødd, men han hata deu ikkje.

Det var ingen måte nokon kunne ha overleevd infernoet som hadde tatt den veske hytta. Han kunne berre håpe at søstrene og faren og mora hadde komme seg ut først, før det brann. Men kvifor skulle dei det, dei hadde arbeidd hardt på åkrene heile dagen.

Han leita gjennom oskene og trekullet frå brannen. Seks menneskeaktige former låg forvridde på plassane der familien hans pla å sove. Ei stor, ei berre ganske stor, og fire mindre og mindre.

“Eg må til visdomsdragen,” sa han høgt, mest til seg sjølv.

“Du skal ikkje til nokon drage!” sa postmeisteren, sjølv om dette oftast var eit ønskje som var respektert i landsbyen. Resten av folka som hadde dukka opp for å sjå henne hudflette det nye postbodet byrja å mumle mellom seg sjølv - det var verkeleg ikkje sånn at dei fikk så mykje post at postbodet ikkje kunne ta ein ekstra time og gå til visdomsdragen når han først hadde forsove seg.

Med borgermeisteren, postmeisteren, bakaren, smeden og skomakaren på slep byrja guten å gå mot landsbyen. Visdomsdragen heldt til i ei hole på den andre sida, og ein måtte gå ein spesiell veg som starta på torget framfor rådhuset for å finne fram til visdomshola.

Guten hadde aldri vore hjå visdomsdragen før. Han hadde aldri trunge råd før – alt i livet hans hadde vore lagt ut ganske enkelt. Det var ikkje nok arbeid å gjere på jorda då han var ferdig på skulen, faren og mora klarte seg med hjelpa frå søstrene. Postbodet skulle akkurat gå av med pensjon. Så då vart det aldri til at det var eit spørsmål. Han blei postbod.

Ei ku står i vegen for følgjet før dei kjem inn i sjølve landsbyen. Kuene veit å aldri gå inn i landsbyen, det er inga faktisk grense, men alle veit kva som er landsby og kva som er utanfor. Eit par gonger i året kjem det tilreisande til landsbyen som ikkje forstår dette – meir gjennomreisande, altså, særleg når landsbybuarane skjønar kor uforståande dei utanforståande er.

Kua ser på guten med store, våte auge. Det er medynk i dei auga, den første guten har sett på lenge. Han har lengta etter litt medynk, men han vil helst ikkje ha det frå ei ku, så han går ut på graset på sida av vegen og rundt kua.

Kua såg lenge etter han etteer at han hadde gått forbi.

På rådhusplassen stoppa guten. Nokre folk sa at ein berre kunne gå eein gong til visdomsdragen. Var verkeleg dette gongen han ville bruke på det?

Haan. Temktr gjennojm situasjonwen sin. Heile fsamilien hanms var daud, han hadde ikkkje nokon stad å bu, og mest sannsynkegg hadde han fvått sparken. Det skulle mykje titl for at det sjkukke bli verre, tenkte han.

På torget stod det eit gammalt skilt som peika mot stigem ham måtte ta. Dei hadde prøvd å byte ut skultet med eit meir øoderne eit i metall dån dei oppgraderte akiltparken i lamdsnyen nokre år tiflegare. Men skiktet vikke ikkje la seg flytte, eller hioggast ned, eller gjerast om p ånokon måte. Så då blei det sypane, det eianste slirte treskiltet i ein moderne landsby.

Skiltet peikte ut av landsbyen mellom bakeriet og huset til overheksa. Han trekte ein djup pust og starta å gå. Det var ingen som hadde sagt kor langt det var, han kjend at han var litt sliten allereie, det hadde vore ein morgon med mykje innhald. Det var ingen som sa noko om visdomsdragen, dei som hadde vore hjå den ville berre så vidt innrømme så mykje.

Guten hadde ikkje trunge å belymre seg. Han følgde skilta ut av landsbyen og over ein bakketopp, ein bakke han hadde leika på i utallige timar medan han veks opp. Men ettersom han gikk langs stigen blei himmelen mørkare, ein dur vind byrja å blåse, så han blei riktig kald på øyra. Han lengta etter ei lue, men hans låg pakka pent ned med resten av vinterkleda hans i ei kiste i det nedbrunne huset.

På den and sida av bakketoppen var det eit nytt skilt. Som alle dei andre var det laga av gammalt, grått ttreverk, og hadde bokstavvane VISDOMSDRAGEN skåre ut. Men dette skiltet hadde ei pil som peika nedover, rett ned i bakken.

Det var eit stort, gapande hull, rett ved sida av. Guten såg ned i holet. Det var veldig djupt, og veldig mørkt. Trongt var det òg. Ein drage kunne umogleg hs komme seg ned dit.

Men skiltet peika ned i holet, så han byrja å klatre nedover trinna som var plassert på innsida av veggen. Det tok ikkje lang tid før han måtte kvile armane, det er tungt for ein utrent gut å klatre nedover og nedover trinn som er plassert akkurat litt for langt få kvarande.

Etter at han hadde kvilt og klatra fire gonger km han endeleg tiø botnen. Heldigvios hadde nokn vore så hjelpsamme at dei hafde plassert faklar langs tunnrlen som leia vidare. Elles hadde han ikkje sett kvar han skulle gå, og han hadde dessutsn tråkka ein moldvarp som låg ig sov på golvet.

Guten byrja å sngre på at han ikkje hadde tatt med noko niste. Han byrja å bli ganske svolten, og det var jp ikkje rart, han hadde ikkje ete frikost.

Ein mark datt ned på andleyet hans. "Isj," sa han, og kasta den vekk.

Han kom så til ei stor hole. Den var akkurat petfekt for ein drage, tenkte guten, den var stor som ein konsertsal, og hadde eit berg av gull i midten.

"Kom, kom," sa ei tynn, pipete røyst. Guten kunne ikkje sjå kvar røysta kom frå, men han syntest den kom frå gullhaugen, eller bak den. Men ingenting kunne gøyme seg der, haugen var ikkje høg nok.

Han gikk innover i hola. “Stopp!” sa pipestemma. Han stod om lag midt mellom inngangen til hola og gullhaugen. “Før du går lenger må du samtykke til nokre reglar!” sa pipestemma, den var høg og skingrande, nesten indignert.

“Kva for nokre reglar?” sa guten. Han hadde ikkje komme for reglar, men for visdom.

“Den første regelen til visdomsdragen er:” skreik røysta, “du skal ikkje snakke om visdomsdragen!”

Han hadde forventa noko sånt. “Ok,” sa han.

“Den andre regelen til visdomsdragen er:” kom det høge skriket igjen, “du må ikkje le!”

Guten byrja nesten å le, berre av dette. Han skunda seg og gjorde det om til eit host, først høyrdest det verkeleg uekte ut, så pusta inn noko støv frå lufta, og fikk ei ordentleg hostekule.

Då han omsider var ferdig fortsatte stemma: “Den tredje regelen til visdomsdragen er: dette er siste sjanse til å snu!”

“Kva tyder det?” sa guten.

“Du kan gå tilbake til landsbyen no. Elles kan du få visdom frå visdomsdragen. Då må du gjere spm visdomsdragen seier. Vil du gå tilbake?”

“Nei,” sa guten. Mest av di han ikkje ville klatre opp dei altfor mange trinna til overflata igjen, armane hans var ømme og støle.

“Godtar du då å følgje visdomsdragen sine direktiv?”

“Ja då,” sa guten.

“Greitt,” sa stemma, “du kan gå vidare.”

Guten visste ikkje kvar han skulle gå, så han gikk mot gullhaugen igjen. Frå andre sida høyrde han klanking og rasling. Noko klatra på haugen. Plopp, så sat det ein rosa klump med fett, sure auge, eit par med ynkelege små vingar, og skitne klør på hagen.

“Velkommen!” sa den, med ei skingrande stemme den prøvde å gjere djupare, “til VISDOMSDRAGENS GROTTE!” Dei siste orda ropte den.

“Øhm, takk,” sa guten. ”Vent, er DU visdomsdragen?”

”Eg SA at du ikkje skulle le,” sa dragen, og eit lite puff med røyk kom ut av nasebora. Du hadde sikkert vore sur òg om du hadde mista den djupe, smaragdgrøne fargen din, og blitt lys rosa.

”Eg lo ikkje!” sa guten, ”eg stilte berre eit spørsmål.”

”Vel, hald spørsmåla dine for deg sjølv.”

”Ok,” sa guten, han visste ikkje kva anna han skulle seie.

Ingen sa noko. Guten kunne ikkje spørje om noko, og dragen ville visst ikkje seie noko til han.

Guten kremta. ”Eg kom hit,” sa han, ”for å be om råd.” Det var ikkje eit spørsmål.

”Ja?” sa dragen. ”Kva vil du vite?”

”Jo, altså,” byrja guten, han måtte tenkje seg om korleis han ordla seg, det var ikkje noko han var van med. ”Huset mitt brann ned og familien min brann opp.”

”Ja?” sa dragen. ”Korleis fikk det deg til å føle deg?”

Han hadde ikkje venta det spørsmålet. ”Ganske dårleg,” sa han.

”Ja?” sa dragen. ”Nøyaktig kor dårleg, vil du seie?”

”Veldig, veldig dårleg,” sa guten.

”Greitt. Vidare?”

”Og så trur eg at eg kanskje har mista jobben,” sa guten.

”Ja? Korleis kjentest det då?”

”Ganske dårleg det òg.”

”Kor dårleg?”

”Skikkeleg dårleg.”

”Greitt. Vidare?”

”Og så fann eg ut at eg skulle spørje deg om råd.”

”Ja? Korleis kjendest det, då?”

”Betre,” sa guten.

”Ja? Kvifor det då?”

”Eg tenkte at eg kanskje ville få svar på kvifor familien min er daud og dessutan kva eg skal gjere no.”

”Ja? Og kva er viktigast å få svar på?”

Guten måtte tenkje seg om. ”Eg går ut ifrå at det tyder at eg berre får svar på eitt spørsmål,” sa han, og var forsiktig, så det ikkje skulle høyrest ut som eeit spørsmål ha stilte.

”Det er korrekt,” sa dragen.

”Då vel eg kva eg skal gjere no,” sa han.

”Godt val!” sa dragen. ”Eg kan avsløre allereie no – spoiler alert! – at dette spørsmålet har eit mykje meir morosamt og meiningsfylt svar enn det andre.”

”Å,” sa guten.

”Jepp,” sa dragen. ”No, forklar kva du vil ha svar på.”

”Kan eg stille spærsmål?” spurde guten

”Ok, då, sidan du spør så pent,” sa dragen.

”Kva skal eg gjere?” byrja guten. ”Skal eg bli i landsbyen, byggje meg eit nytt hus ved sida av uthuset, og dyrke jordet til faren min? Eller skal eg trygle om å bli postbod igjen? Eller skal eg dra og søkje lykka ein annan plass?”

”Fortel meg,” sa dragen, ”kor mange brev ber du rundt kvar dag?”

Guten måtte byrje å telje etter, han talde måndag, tysdag, onsdag, på fingrane, tunga hans stakk litt ut av munnviken med han rekna. ”To komma fire i gjennomsnitt basert på den siste veka,” sa han, fornøgd.

”Ikkje verre, nei,” sa dragen.

”Kva meiner du?”

”Er det ei blivande karriere, er det det du vil bruke resten av livet på?”

”Når du seier det så verkar ikkje to komma fire brev så mykje. Men nokre dagar er det meir, nokre dagar er det fem, eller seks, om kongen er i det direktivglade humøret.”

”Så du vil fortsetje å vere postbod?”

”Er det eit ultimatum?”

”Ja.”

”Då vil eg ikkje.”

”Godt,” sa dragen, vi kjem vidare.”

”Vidare?”

”Ja.”

”Kvar?”

”Til neste spørsmål. Vil du verkeleg byggje eit nytt hus ved sida av uthuset og ruinane av det gamle huset ditt?”

”Nei,” sa guten. Det høyrdest forferdeleg ut.

”Då har du svart på spørsmålet ditt sjølv!” skreik visdomsdragen så halsfeittet dissa.

”Å,” sa guten.

”Men eg har ei oppgåve til deg,” sa dragen mjukt, ”sidan du allereie har lova at du skal gjere som eg seier.”

”Å,” sa guten.

”Jepp. Har du lagt merke til at det har komme færre brev frå kongen i det siste?”

Han hadde ikkje lagt merke til det, men når han talde opp i hovudet var det berre eitt heile den veka. Det var vesentleg mindre enn vanleg. ”Ja,” sa han.

”Det er ein grunn. Kongen er borte.”

”Borte?”

”Vekke, forsvunne, MIA, AWOL, kva du vil.”

”Kvifor?”

”Hadde vi berre visst det.”

”Men kva har det med meg å gjere?”

”Du må finne han.”

”Eg?”

”Ja, du er peika ut av stjernene til å vere ein HELT!”

”Nei,” sa guten.

”Nei?”

”Du tar feil, eg er ikkje ein helt, eg er berre ein heilt vanleg gut.”

”Kvifor trur du vi har venta så lenge med å avsløre at namnet ditt er Heltepetter?”

Det var ikkje så mykje han kunne seie mot det. Han hadde alltid lurd på kvifor han heitte det. Det var altså av di han var ein helt. ”Men eg er ikkje spesielt modig,” sa han spakt.

”Det kjem av seg sjølv når du berre har ein sjanse,” sa dragen.

”Men eg er ikkje i god form, eg har ikkje nokre musklar,” innvende han igjen.

”Då får du berre prove at du er modig!” lo dragen.

Heltepetter sukka. Det var vel ingen veg utanom. ”Ok, då,” sa han, ”kva skal eg gjere?”

”Du må leite etter kongen. Men ikkje fortvil! Du skal få nokre hjelpemiddel av meg.”

”Kult!” sa Heltepetter. ”Kan eg få eit magisk sverd?”

Visdomsdragen sukka. ”Ceit du korleis du bruker eit sverd?”

”Nei,” måtte han innrømme.

”Du kan ikkje få eit magisk sverd.”

”Kan eg få ein superrask sportshest?” spurde Heltepetter, evig håpefill.

”Kan du ri?”

”Nei.”

”Du kan ikkje få ein sportshest.”

”Kva kan eg få, då?” sa Heltepetter, oppgitt.

”Du skal få ei prinsesse pg ein dyreven.”

”Ei prinsesse?” Heltepetter blei meir positiv med ein gong, kanskje han unne giste seg med denne prinsessa og lkeve eit liv i sus og dus.

”Ja, du får prinsesse Fotonetta.”

”Å nei,” sa Heltepetter før han fikk stoppa seg sjølv. Prinsesse Fotonetta var den eldste, og styggaste prinsessa. Han skjønte godt at kongen hadde villa prøve igjen etter å ha fått henne, og no var det, inkludert babyen, åtte prinsesser i kongeslottet. Ingen prinsar enno, det gikk historier i sladderblada om kvifor. Dei var som oftest vulgære.

”Kva meiner du, å nei?” sa ei ny skingrande stemme. Prinsesse Fotonetta stod ved sida av gullhaugen visdomsdragen låg på. Ho såg skikkeleg sur ut.

”Ingenting, deres majestet!” sa Heltepetter og prøvde å sjå unnskyldande ut, ikkje berre forferda.

”Ikkje majestet meg, vesle gut,” sa ho, iltert, ”eg er Prinsesse Fotonetta for deg.”

Heltepetter prøvde å ikkje sjå barten hennar, det pistrete håret, dobbelthaka, vortene og kleda som passa betre i stil til ein åtteåring, og sjå ei kongeleg prinsesse. Ei Prinsesse. Det var vanskeleg.

”Unnskyld, prinsesse Fotonetta,” sa han, så audmjukt han berre kunne.

”Kva sa eg, sa prinsesse eller sa eg Prinsesse?” skreik ho, ho var sprutraud i andletet.

”Unnskyld, PRinsesse Fotonetta,” sa han, og overdreiv, så både p-en og r-en blei store.

”Hrmf,” sa ho.

”Prinsesse Fotonetta skal hjelpe deg med kunnskap om kongens vanar og gleder. Eg har ein dyreven til deg som skal hjelpe deg og gi deg companionship og andre tenester.

”Kvifor?” sa Heltepetter.

”Eg har observert at du er ein dyreelskar,” sa visdomsdragen.

”Kvar har du det frå?”

”Tre døme! I morges, då du gikk til landsbyen, møtte du ei ku. Du gikk rundt kua, i staden for å få den til å flytte seg. Eit klart eksempel på at du set dyr sine interesser før dine eigne!”

”Men det var berre lettare å gå rundt kua,” prøvde Heltepetter å innvende.

”Hysj!” skreik visdomsdragen. ”Så, på veg inn i hola mi, unnlet du å tråkke på ein moldvarp. Eit tydeleg eksempel på at du er opptatt av dyrevelferd!”

”Men eg ville jo berre snubla i den,” innvender Heltepetter igjen.

”Hysj! Sist, men ikkje minst, då du var svolten, og ein mark fall ned på andletet ditt, då åt du den ikkje! Du er heilt avgjort ein person som elskar dyr!”

”Å,” sa Heltepetter. Det gikk visst ikkje å krangle på det.

”Så, du skal få eit stridssvin som kan passe på dykk.”

”Eit kva?

”Eit stridssvin. Ein kampgris. Ved namnet Gunda.”

”Å,” sa Heltepetter. Han kunne klart seg betre utan båe hjelparane han hadde fått, meinte han.

”Du kan ikkje seie noko!” Visdomsdragen lo rått. Du lova at du skulle gjere som eg sa. Det var rett før den satt i ein vond heks-latter.

”Eg har ikkje sagt noko,” sa Heltepetter, litt furt.

”Eg skal hjelpe dykk eit stykke på vegen,” sa visdomsdragen. ”Kongen forsvann frå hovudstaden, så eg skal sende dykk dit, så nær eg kan.”

”Å flott,” sa Fotonetta. ”Ein sånn tur i dag var ikkje nok?”

Men før visdomsdragen fikk bitt henne av, hadde føtene deira letta frå bakken, og dei flaut ut av grotta, ut tunnelen og opp forbi dei tallause trinna, og dei ploppa opp i solskinet. Dei byrja å plukke opp fart, og flaug raskt over landsbyen. Det gikk saktare å klatre oppover i lufta, og dei heldt på å krasje i andreetasjen på rådhuset før dei svinga brått og flaug på sifa av den. Fleire av landsbybuarane såg dei tre, guten, prinsessa og grisen, og peika og spurde seg sjølv og kvarandre om ikkje det var postbodet og prinsessa deira. Postmeisteren såg dei òg, og ropte ”Du har sparken!”

”For seint!” ropte Heltepetter tilbake. ”Eg seier opp.”

Det var berre så vidt dei ikkje trefte trea i skogen rundt landsbyen, dei fauk på kryss og tvers mellom tretoppane før dei steig over dei, og ferda blei litt jamnare.

Prinsesse Fotonetta utstøtte eit sint brøl: ”Aaaaargh!”

Heltepetter såg over på henne. Ho var tydeleg grøn i fjeset, og heldt seg for munnen.

Spyet tvinga seg fram akkurat medan Heltepetter flaug rett under henne. Det eksploderte og trefte han hardt i bakhovudet, så han slo ein kollbøtte i lufta og blei kvalm han òg. Den einaste som såg ut til å ta det heile meg verdigheit var kampgrisen.

For Heltepetter, som aldri hadde dratt lenger enn til naboandsbyen, pg det berre nokre få gonger, var denne flyturen fantstisk. Byar han berre hadde høyrd om, innsjøar og fossefall han hadde sett på dei få postkorta han hadde levert ut som postbod. Han syntest dei flaug altfor fort, det var nesten umogleg å få med seg alle dei små landsbyane og grendene, alle dei bitte små folka som gikk på vegane og arbeidde på åkrane og krangla og snakka og det var til og med to som elska.

Prinsesse Fotonetta var ikkje einig. ”Gå fortare!” skreik ho. Heltepetter visste ikkje om ho snakka til han eller til visdomsdragen eller verda generelt, så han fann det best å ikkje svare i det heile. Han kunne framleis lukte oppkastet hennar i håret, uansett, han hadde ikkje så lyst til å snakke med henne.

Til slutt byrja dei sakte men sikkert å miste høgd. Dei kom ned over ein skog, men så openbara eit vatn seg for dei. Dei sank og sank, til tærne og klovane skrapa i overflata, sende fontener av vatn opp bak dei. Fotonetta og stridssvinet heldt seg oppe heilt til dei landa i ein bylt. Heltepetter landa i vatnet med eit plask. Han valde å sjå lyst på det, og vaska håret.

”Men så kom igjen då!” sa Prinsesse Fotonetta til Heltepetter.

Han sukka, og reiste seg ut av sjøen. Halve sjøen blei med han, i håret hans, i lærvesten, i skjorta, oppi støvlane hans. Han spytta ut ein snigel som hadde snike seg inn i munnen.

”Kvar skal vi gå?” sa Prinsesse Fotonetta då han hadde vridd opp det verste.

”Eg veit ikkje, eg har aldri vore her før, eg trudde det var du som skulle vere lokalkompetansen.”

”Korleis trur du at eg skal klare det når eg aldri har vore her før? Eg bur i byen, eg har ikkje gidde å besøke alle dei avskyelege utpostane av kongeriket.”

”Eg trudde dette var nær hovudstaden, eg,” sa Heltepetter, som ikkje eigentleg lika at ho kalla landsbyen hans avskyeleg.

”Nær og nær,” svara ho, ”kan du sjå bymurane herfrå?”

”Er det ein mur rundt heile byen?”

Ho gadd ikkje å svare han på det. Ho meinte vel at det var noko alle burde vite.

Så Heltepetter gjetta på ei retning, pg byrja å gå den vegen. Stridssvinet vralta etter han, dulta snuta inn til låret hans imellom. Han bøygde seg ned og klødde det bak øyret. Det var faktisk eit ganske hyggeleg svin, lukta ikkje, og skjelte han ikkje ut med jamne mellomrom.

”Eg kom til å tenkje på,” sa han lågt til det, ”at visdomsdragen aldri fortalde med namnet ditt. Eg må finne eit namn til deg. Kva heiter du?”

Svinet såg opp på han med store uge, som om det ville seie ”Berre kall meg kva du vil, Heltepettettr, eg stolar på deg.”

”Eg skal kalle deg,” sa Heltepetter, og nøla. Han hadde ikkje faktisk noko namn tenkt ut til stridssvinet. HEILT FEIL DET HEITER GUNDA…

Heltepetter snakka lågt med stridssvinet Gunda. ”Kva et du eigentleg?” sa han. ”Visdomsdragen sa aldri det. Og eg er ikkje så flink med dyr, eigentleg, sjølv om den trur det.”

Svinet såg opp på han med store, våte auge, som for å seie ”Eg et kva som helst, berre det er du som gir meg det.”

Prinsesse Fotonetta gikk nokre meter bak dei og freste. Ein gong i mellom kom ho med utbrot som ”Som om eg ikkje har betre ting å gjere!” og ”Gudsforlaten audemark!” Heltepetter prøvde å ignorere henne, men det var vanskeleg, ho var ganske høglytt.

”Stopp! Opp med hendene!” kom ei stemme frå skogen. To røvarar hoppa ut på stigen frå bak eit stort tre. Heltepetter kunne sjå at dei var røvarar, for dei hadde breibremma hattar og tørkle framfior munnen. Dei hadde dessutan armbrøst, som peika direkte på han og Prinsessa.

”Kva meiner du,” skreik Prinsesse Fotonetta, ”med å stoppe ei kongeleg Prinsesse på veg i kongeriket sitt?”

”Kva var det eg sa?” sa den eine røvaren til den andre. ”Eg sa jo at ingen andre kan vere så stygge som ho der.”

Fotonetta var så raud at ho heldt på å sprekke.

Heltepetter stod med hendene i vêret, skalv litt. ”Berre gi dei smykka dine,” sa han ut av minnviken til Prinsessa.

”Smykka MINE?” freste ho. ”Kva med dine?”

”Eg har ingen. Eg har ingenting av verdi.”

Ein av røvarane snudde seg mot han. ”Å, vi skal ha svinet ditt òg.”

”Nei!” sa Heltepetter. Han ønska at han hadde hatt eit sverd no, og eit lynkurs i korleis ein brykar sverd. Han skulle ønskje han var den helten og krigaren namnet hans såg ut til å innebere.

Heltepetter og Prinsesse Fotonetta drog seg nærare kvarandre. Ingen kunne redde dei, men dei ville ikkje la røvarane få eigedelane deira utan kamp.

Men har vi ikkje gløymd nokon? Éin i følgjet var nemleg ein helt og krigar allereie. Stridssvinet Gunda tok løpefart og sprang på røvar nummer to, ho stakk ei hoggtann inn i halsen hans, og tok til å springe etter røvar nummer ein, som hadde innsett at dette ikkje var eit enkelt bytte likevel.

Dei to menneska som stod igjen på stigen høyrde berre eit langtrukkent hyl frå skogen, skjult av trea. Nokre minutt seinare kom Gunda vraltande ut igjen, gikk opp til Heltepetter, og gnei hovudet inntil benet hans. Ho etterlet seg ein stor raud flekk.

”Flinke Gunda,” sa han. ”Gunda passar på oss.” Han visste ikkje om han sa det til grisen, til seg sjlkv, eller til Prinsessa.

Dei fortsatte innover stigen. Ingen av dei visste om dei gikk riktig veg i det heile, men det var betre å gå på ein stig, som nokon måtte ha laga, enn å virre laust rundt på måfå. Dei måtte jo ende opp ein plass når dei berre kom til enden av stigen. Eller starten, det stod igjen å sjå. Prinsesse Fotonetta hadde blitt litt stillare etter røvaråtaket, men no og då kom ho med ei kraftsalve.

”Eg er svolten,” sa Heltepetter. ”Kor lenge har vi gått no?”

”Sikkert over ein time,” sa Prinsessa. ”Eg har vondt i føtene.”

”Eg òg,” sa Heltepetter.

Dei fann ein stubbe og sat seg ned ved sida av kvarandre.

”Du er ikkje så ille,” sa Prinsesse Fotonetta etter ei stund. ”Du kan kalle meg Fotonetta om du vil det.”

”Å,” sa Heltepetter, ”takk.”

Ingen kom for å redde dei. Det var skuffande, nokre riddarar på skinande kvite hestar burde ha komme brasande ut av skogen med ei vogn for å ta dei med dit dei ville. Ingen kom, så dei var nøydde til å reise seg igjen og gå vidare.

Rundt svingen kunne dei sjå ned på dalen under dei. Midt i dalen låg ein stor by. Heltepetter hadde aldri sett så mange hus saman, og så mange folk. Eit tynt grått band låg rundt byen. Det måtte vere muren Fotonetta hadde snakka om.

”Endeleg,” sa ho. ”Det kjem til å ta minst tjue minutt å gå til bymuren.”

”Har de mat i byen?” sa Heltepetter, og angra på det naive spørsmålet, men unnskylda seg sjølv med at han var svolten.

”Å ja da,” sa Fotonetta. ”Massevis.”

Ved byporten blei dei stoppa av to vaktar i blå uniform. Heltepetter hadde sett uniforma før, på eit postkort med bilete av slottet. Postkortet hadde gått runden to gonger i landsbyen før dei hadde funne ut at det var send til feil landsby, og måtte sende det vidare.

”Velkommen tilbake, Prinsesse,” sa den eine.

Den andre hadde tatt fram ei lita bok. ”Og kven er så dette?”

”Min følgjesven, Heltepetter,” sa Fotonetta. Vakta skreiv namnet sakte ned i boka. Han beit seg i underleppa medan han sakte stava namnet.

”Og grisen?” spurde vakta.

”Det er vårt trofaste stridssvin Gunda,” sa Fotonetta. Tilbake var den sure, kommanderande, reknar med at dei er imot deg stemma.

”Greitt, greitt,” sa vakta. Heltepetter gjetta på at dei hadde høyrd denne stemma før.

Innanfor porten velta dei ut i ein marknad så travel at Heltepetter var sikker på at han aldri hadde sett så mange menneske i heile sitt liv, til saman. Og alle gikk rundt og ropte og skreik, så bråket var øyredøyvande. Han klaska hendene til øyra for stengje lyden ute, men det hjelpte ikkje eigentleg. Fotonetta greip armen hans hardt og drog han etter seg. Ho vog sikkert tre gonger så mykje som han, så han kunne ikkje anna enn å bli slept etter henne. Gunda vralta godmodig etter dei.

”Taxi!” skreik Fotonetta.

Fire vognkuskar sprang til teneste frå ingenstads.

Prinsessa peika på dei etter tur. ”Ikkje du, ikkje du, ikkje du, ok, du får gå.”

Ho deisa nedi vogna og drog stakkars Heltepetter etter seg. Gunda prøvde å klatre opp etter dei, men fikk ikkje plass i gangen mellom dei to benkane i drosjen.

”Eg er veldig lei meg, Prinsesse Fotonetta,” sa drosjesjåføren, ”men eg kan nok ikkje ta med grisen.”

”Unnskyld meg,” sa ho då. ”Ser du ikkje at dette er guide-grisen til denne stakkars guten?”

”Å, unnskyld, unnskyld. Får den plass?”

”Dette er ikkje nokon den. Dette er ei ho. Får ho plass?”

”Eg håpar det, eg håpar det.”

Gunda sat seg til rette på ein av benkane. Den gav eit faretrugande knirk, men heldt, og Heltepetter fann den siste ledige kroken ved sida av Fotonetta.

Hestane satt i gang gjennom dei tronge gatene og mellom dei høge husa. Vogna rista og skaka på brusteinane, og knirka kom igjen både frå benken til Fotonetta og Gunda.

”Kvar skal vi?” ropte Heltepetter over larmen.

”Til slottet!” ropte Fotonetta tilbake.

”Kvifor? Kongen er vel ikkje der?”

”Men eg må ha lunsj før eg kan leite etter han!”

Det var Heltepetter skjønt einig i.

Lunsj med prinsessene og dronninga var ein rein estrogenfest. Heltepetter hadde aldri visst så mykje om kjolar og kjærastar, vesker og vener som han fikk den ettermiddagen.

”Nei, no er det nok, no må eg ut og redde kongen,” sa han. Ei av prinsessene, som han retroaktivt hugsa at ikkje hadde engasjert seg i motemaset, reiste seg og gikk samtidig som han. Han var dum nok til å ikkje be ein tenar fpølgke han ut, så han gikk seg vill i gangane på slottet. Dei var alle like for han, kvit marmor og tjukke teppe. Fem minutt seinare tok prinsessa han igjen.

”Eg skasl vise deg vegen, eg,” sa ho, og tak handa hans. Denne prinsessa var Fotonetta si rake motsetjing. Ho prøvde ikkje å gjere seg pen. Ho hadde kort guteaktig hår, gikk i bukser og hadde korkje sminke eller smykke. Effekten var eigentleg ganske fin, syntest Heltepetter, som ikkje hadde sett ei gutejente før. Dei hadde dei heilt sikkert heime i landsbyen òg, men han hadde aldri sett etter der.

”Eg har ikkje gått meg bort, altså,” sa han, litt surt, berre av di det var nettopp det han hadde gjort.

”ok, eg trur deg,” smilte prinsessa. Heltepetter skjønte ikkje heilt at to menneske som var så ulike kunne komme frå dei same foreldra. Så tenkte han på sladderblada som antyda ting, men prøvde så hardt han kunne å slå det frå seg. Småsøstrene hans hadde aldri uansett vore like han.

”Takk,” sa Heltepetter, ekte audmjukt denne gongen, for han trong faktisk hjelp til å komme seg ut sav slottet, det var for mange gangar og trapper og fine bilete han blei ståande og sjå på. Eitt var han heilt sikker på var ein Picasso. No hadde han noko avgrensa kunstutdanning, så eg kan avsløre at det ikkje faktisk var Picasso. Men om han likte biletet kan vi jo la han fortsetje å tru kva han vil.

På slottsplassen, omgitte av marsjerande, patruljerande vakter, tilbaud prinsessa han å hjelpe til med leitinga.

”Det skal eigentleg vere hemmeleg at han er borte, så vi har ikkje fått lov til å hyre inn eventyrarar til eventyr som vi plar til vanleg, så det har vore litt vanskeleg,” forklarte ho.

”Å,” sa Heltepetter, som berre skjønte meir enn ordet hemmeleg. ”Så dumt,” gjetta han.

”Ja,” sa ho, ”men no er du her, så då kan vi endeleg få gjort noko.”

Så: ”Vent litt.” Ho sprang frå Heltepetter, som blei ståande heilt stille, han hadde lært at ein skal ta ordrar frå prinsesser alvorleg. Etter eit minutt eller to (ikkje at Heltepetter talde) kom ho at av slottsstallen med eit sverd og noko som var pakka inn i noko stoff. Sverdet strappa ho til beltet, og bylten gav ho til Heltepetter. ”Hald denne.” Heltepetter løfta på ein flik og såg at det var eit portrett av kongen. Han var van med det, det hang i alle buutikkanee og kontora heime i landsbyen. Men noko var gale med biletet. Han måtte myse og halde det på ei armlengds avstand før han såg det: kongekrona var mala bort.

”Kvifor er kongekrona mala bort?” sa han utan å tenkje seg om.

”Om vi må spørje etter han,” sa ho tolmodig, ”og han har kledd seg ut som ein vanleg person frå allmennheita. Då er det viktig å ha weit bilete av han som sivilist.”

”Å,” sa Heltepetter.

”Ja,” sa ho.

”Kvar skal vi byrje å leite?” spurde han då dei hadde komme ut frå slottsområdet og ut i sjølve byen. Her vr igjen bråket og alle menneska. Heltepetter håpa kongen hadde gøymd seg ute i skogen ein plass, det biølle vere mykje meir behageleg å leite etter han der.

”Gav ikkje Fotonetta deg nokre tips, nokre stader å starte?” Prinsessa sa det mest som om ho ikkje forventa at ho skulle ha gjort det, sjølv om det eigentleg var avtala.

”Nei,” sa han. ”Ho snakka mest om at ho hadde vindt i føtene, og at ho var svolten.”

”Det er ikkje ulikt henne. Ikkje det, eg trur ikkje ho ville hatt noko fornuftig å seie. Ho visste ikkje ein gong kvar han drog kva sunfag etter frukost.”

”Kvar drog han kvar sundag etter frukost?”

”Han drog på diktkafé med nokre av venene sine frå universitetet. Han er opptatt av å ha eit veldig folkeleg image, så han likar ikkje å innrømme at han likar dikt.”

”Har de leita der?” sa Heltepetter.

”Ja, dummen,” sa prinsessa. Lat oss no ikkje kalle henne ”prinsessa” lenger, ho har faktisk eit namn, sjølv om det kanskje gikk inn det eine øyret til Heltepetter og ut det andre då han blei presentert for alle prinsessene. Namnet hennar var Pulsarina.

”Fint,” sa Heltepetter. ”Kvar kan vi leite då?”

”Eg foreslår at vi trålar byens bokkafear og antikvariat,” sa Pulsarina. Sjå? Var ikkje det mykje betre?

Heltepetter følgde etter henne gjennom heile byen. Ahn forstod ikkje at éin einskild samling med menneske kunne trengje så mange nokså like kafear med masse bøker og ein eller annan raring som deklamerte i eit hjørne. Ved kvar bardisk drog han fram portrettet når Pulsarina sa ”Har du sett denne mannen?”

Til slutt måtte han berre setje seg ned. Han syntest han hadde vore ordentleg modig.

”Eg trur ikkje han har gøymd seg på ein bokkafé eller i eit antikvariat,” sa han.

”Du har kanskje rett,” svara ho.

”Kvar kan vi leite no?” sa han. Men mest ville ha ta eit fotbad.

”Kva med byens teater og operaen?” sa ho.

Heltepetter kunne gå med på det, for han trudde ikkje dei kunne ha så mange teater. I landsbyen fikk dei ein omreisande trupp på besøk to gonger i året, og det var akkurat passe.

Det var skikkeleg seint då dei var ferdig med dei største, registrerte teaterhusa. Pulsarina ville gå vidare til mindre teateroppsetjingar, men Heltepetter la seg ned på brusteinane og nekta å røre seg vidare.

”Eg må ha noko mat, og så må eg sove,” kravde han.

Pulsarina drog han opp av den mjuke senga dei gav til kongelege gjester ved daggry. ”Det er ikkje vits i å ha ei deilig seng om eg ikkje kan nyte den,” klaga ho, men han måtte vise at han var i veg ut av den før ho slutta å truge han med å dra av dyna.

Dei var dei einaste som var nede til frukost så tidleg. Dei kunne altså snakke om leiteopeerasjonen utan at nokon ville blande seg, særleg for å seie at Pulsarina ikkje kunne vere med på den.

”Kvar skal vi leite no?” sa Heltepetter.

”Eg tenkte vi skulle gå over dei siste spora han etterlet seg,” sa ho. ”Dronninga skal ut på den faste spa-avtala si i dag, så vi kan gå over den kongelege suiten utan å bli forstyrra.”

”Godt,” sa Heltepetter, og såg for seg mjuke puter, djupe teppe og mykje mindre brustein enn dagen før.

Pulsarina let han ikkje kvile på nokon av dei. Han måtte fare rundt og leite etter ”spor” i skap og skuffer, under senga og til og med bak bileta av alle prinsessene som hang på veggane.

Han fann ingenting. Pulsarina, derimot, var av dei skarpaste knivane i skuffen, og kom etter ei stund med eit ”Aha!”

”Kva?” Heltepetter var letta, han visste ikkje kva han leitte etter, men han visste at ho kom til å bli sur om han oversåg det.

”Ein bit av knust glas!” utbrøyt prinsessa.

”Kanskje han hadde ein vind draum og velta vassglaset sitt?” foreslo han.

”Nei! Dette er del av ei…” Ho venta litt med konklusjonen: ”lampe!”

”Å,” sa Heltepetter.

”Det tyder openbert at han blei tatt mot si vilje. I alle fall etter det eg skjønar frå CSI.”

”Å,” sa Heltepetter igjen. Han tenkte etter, og kom til at han sa det ganske mykje, så han bestemde seg for å seie noko meir vetugt neste gong.

”Jepp,” sa ho.

”Kven tok han?”

”Godt spørsmål. Hadde han nokre fiendar?”

”Nei, ikkje så vidt eg veit. Vel, eg reknar med at resten av arverekkjefølgja kan sjåast på som at dei har motiv, og kongen i nabolandet vårt er vel gasnske keen på å lage ustabilitet i kongeriket?”

”Du seier noko der. Lat oss finne ei tavle der vi kan klistre opp meiningslause bilete og setje kryss over edi etter kvart som vi finn ut at dei har alibi.”

”God idé.”

Det einaste rommet dei fann som dei kunne bruke var soverommet til Pulsarina. Heltepetter hadde aldri vore på soverommet til ei jente før. Vel, han hadde delt rom med småsøstrene sine, men dette var ei Jente. Med stor J. sjølv om ho hadde kort hår og gikk med bukser og sverd, kribla det litt i underbuksene til Heltepetter. Men det kunne vere den fancy såpa han hadde brukt på det kongelege gjestebaderommet.

Det første dei gjorde var å skrive opp ei liste over alle mistenkte. Øvst stod den kongelege onkelen Polonium. Han var først i rekkja fram til kongen fikk ein son. Etter han kom dei to sonene hans Kadmium og Kalium. Sist kom alle prinsessene: Fotonetta, Elektronika, Helia, Planetoide, Pulsarina, Novanine, Fusjon-Marie og Kvarka.

”Men deg kan vi stryke med ein gong,” sa Heltepetter til Pulsarina.

”Nei, vi må handsame alle likt. Alle kan vere skuldige inntil det motsette er bevist.”

”Ok. Kvar var du då kongen forsvann?”

”Eg hadde sverdtrening med sverdmeister Åge.”

”Kan vi då stryke deg av lista?”

”Nei, vi må snakke med Åge og få han til å stadfeste alibiet mitt.”

Heltepetter sukka. Om dei skulle følgje boka så til punkt og prikke kom dette òg til å ta lang tid, involvere mykje gåing og lite eting.

Sverdmeisteren sat på kontoret sitt då dei banka på. Han gøøymde raskt unna nokre papir, Heltepetter kunne ikkje sjå kva dei var, for dei forsvann raskt ned i ei skuff.

Pulsarina såg på Heltepetter. Ho ville tydelegvis at han skulle ta føringa. Heltepetter var ikkje van med å ta føringa.

”Øhm,” sa han.

Pulsarina skaut han eit olmt blikk. ”Det han prøver å seie,” sa ho, ”er: kan du stadfeste at eg var saman med deg kvelden for tre dagar sidan?”

”Du er alltid saman med meg om kveldane,” sa sverdmeisteren, ha smilte breitt. ”Bortseett frå i går, altså.”

”Fint,” sa Pulsarina og drog med seg Heltepetter ut igjen.

”No kan du stryke over namnet mitt,” sa ho tilbake på leiteaksjonen sitt hovudkvarter.

Heltepetter gjorde som ho sa.

”Skal vi fortsetje med prinsessene? Dei er kanskje lettare å stryke ut enn Polonium og dei?”

”La oss gjere dei. Bli med meg, eg veit kvar vi kan finne Fusjon-Marie og Kvarka.”

Dei to minste prinsessene var på det kombinerte leike- og skulerommet saman med guvernanta Beatrix. Det var ikkje noko vits å spørje dei ut direkte, så dei snakka med den eldre dama.

”Ja, dei sov, som dei alltid gjer. Kan vi fortsetje med dagens program no?”

Fem prinsesser stod igjen. Novanine var den einaste av dei som var yngre enn Pulsarina, og dermed måtte ha skuletimar. Ho hadde sin eigen lærar, som var fornøgd nok med å få ein pause. Novanine var ikkje den enklaste eleven han hadde hatt.

”Kvar eg var då far forsvann? Eg hugsar ikkje eg vel!” sa ho då Pulsarina spurde og Heltepetter hang tilbake i bakgrunen og hugsa på at dette var landets kongefamilie og at ein ikkje kunne gå rundt og halv-skulde dei for ting.

”Men prøv!” sa Pulslarina, ganske høgt, hadde ho ikkje vore prinsesse ville Heltepetter nesten gått så langt som å kalle det roping. Men det skal vere notert at han hadde for mykje respekt for henne for å gjere det.

”Ok. Du hugsar han guten, han vanlege som mor sa at eg ikkje fikk vere med meir?”

”Ja, kva heit han? Morten?”

”Eg har ikkje peiling. Men eg var med han.”

”Ok, fint,” sa Pulsarina og drog med seg Heltepetter.

Ho strauk ut namnet Novanine med ein tjukk strek.

”Men vi har jo ikkje stadfesta med denne guten,” innvende Heltepetter,

”Novanine kan ikkje ljuge om gutar ho har vore med, ho er altfpr stolt og rebelsk.”

”Å,” sa Helteperrer. ”Men ho ville jo ikkje eingong seie namnet hans.”

”Nei, ho er litt sann.”

”Kven er neste?”

Lat oss hoppe over denne seksjonen. Heltepetter fikk vite nok til å fylle eit heilt sladderblad, men det var ikkje eigentleg så veldig interessant. Fotonetta hadde ete. Elektronika hadde vore saman med mannen sin. Helia hadde vore på hestebanen. Planetoide lagt seg tidleg, og var observert av tenarane.

Dei einaste namna som stod igjen var dermed den kongelege onkelen Polonium, Kadmium og Kalium, og nabokongen.

Pulsarina tok med seg Heltepetter til herskapsbustaden deira. Dei fikk ikkje bu på slottsområdet, men huset deira låg så tett opptil muren rundt at andre etasje lente seg svakt over.

Ho banka på, og då ingen slepte henne inn innan dei første fem sekunda var gått, ropte ho: ”Dette er Heltepetter i kongeleg teneste, og prinsesse Pulsarina. Lukk opp eller så bryt vi opp døra!”

”Vent litt!” høyrde dei frå langt inne i huset.

Dei venta ganske lenge, til ein flustered, raudmussa middelaldrande mann slo døra opp. Han var barbeint, og den fine skjorta hans var ikkje stappa ned i den italienske dressbuksa.

”Onkel!” sa Pulsarina med falsk glede i stemma.

”Mi kjære Pulsarina!” Gleda hans var minst like falsk. ”Kom inn!”

Dei blei plassert på sofaen i stova, og så svinsa han ut igjen.

Pulsarina kviskra i øyret til Heltepetter: ”Kvar er tenarane? Og bileta på veggen?”

”Er han blakk?”

”Eg har ikkje høyrd om det før, men han ville jo prøvd å skjule det for oss.”

”Det er motiv,” sa Heltepetter.

Ho nikka, men måtte slutte brått då Polonium kom inn i rommet igjen med eit brett med ei tekanne og tre tokoppar.

”Ver så god,” smilte han.

Dei smilte til kvarandre og nippa til teen, som var svak og kjølig, i nokre minutt, før Heltepetter tok mot til seg og byrja utsprøjinga.

”Er du klar over at kangen har forsvinne?” sa han.

”Eg har høyrd det, ja, eg har høyrd det.”

”Eg har blitt oppnemnd for å finne han.” Heltepetter nemnde ikkje at det var bisomsfragen som hadde oppnemnd han, det høurdest ut som ein vits nå som han tenkte over det, men alle prinsessene hadde tatt det oåp alvor. ”Så kvar var du få han forsvann?”

”Eg? Eg var her, heime, saman med sonene mine,” svara Polonium. ”Prøver du å seie at eg hadde noko med forsvinninga hans å gjere?”

”Neidå, neidå,” skaut Pulsarina inn, ”vi vil berre utelukke alle dei vi kan.”

”Er det nokon andre som kan stadfeste at det var her? Ein tenar eller noko?” sa Heltepetter.

”Nei, tenarane hadde fri den kvelden.”

Det var noko med måten han sa det som fikk Heltepetter til å tru at han laug. Kanskje det at han ikkje ville møte blikket hans, kanskje at han raudna og at sveitteperlar byrja å piple fram på panna hans. Han såg bort på Pulsarina, dette var noko, i alle fall.

”Trur du at vi kan snakke med dei uansett? Kanskje dei har overhøyrd noko?”

”Veit du, det har fri i dag òg. Eg er ganske generøs med fridagane, ser du, vil ikkje mishandle dei heller.” Sveitteperlene blei større.

Hmm, tenkte Heltepetter. ”Kan du tenkje deg nokon som vil ha glede av at kongen forsvinn?”

”Nei, ærleg talt. Han er elska av folket, respektert av nasjonalforsamlinga og vel sett på i det internasjonale samfunnet. Eg kan ikkje sjå for meg nokon som vil ha an vekk.”

”Ikkje?”

”Eller, når eg tenkjer meg om… Kong Rododendron vil jo helst ha tilgang her. Kanskje han trur han kan gifte bort ein son til ei prinsesse og ikkje Astrono er her for å protestere.”

Sonene stadfesta faren si forteljing, med same grad av overtydin.

Pulsarina nekta å stryke dei frå lista. ”Det er noko som ikkje stemmer,” sa ho.

”om han verkeleg er pengelens,” sa Heltepetter, ”vil han då vere ekstra interessert i å bli konge?”

”Ja,” sa Pulsarina, ”apanasjen kjem til å gjere at pengeproblema hans blir borte. Av eg sjølv.”

”Så han har eit klart motiv og eit dårleg alibi. Korleis 1) beviser vi at han er den skuldigge og 2) finn vi kongen?”

”Vi kan byrje med å finne stader ein kan gøyme eit statsoverhovud i mange dagar utan å bli oppdaga.”

”Kvar er det?”

”Om han har sagt opp tenarane sine kan han ha gøymt far i kjellaren.

”Korleis leitar vi der?”

”Vi ventar til natta og snik oss inn.”

”Er ikkje det ulovleg?”

”Er ikkje du oppnemnd til å finne den aller viktigaste personen i kongeriket?”

”Jo, så sanneleg, det er eg!” utbraut Heltepetter, og skulle til og gå med ein gong, han hadde blitt så fyrt opp av å hugse utnemninga.

Pulsarina heldt han igjen i ermet. ”Ikkje ennå, dummen,” sa ho. ”Vi må vente.”

Dei måtte vente halve dagen, og brukte den på at Pulsarina prøvde å lære Heltepetter å brueke eit sverd, som han hadde ønska seg. Han var grusoomt dårøeg på det. Han klarte ikkje å halde det riktig, så ho måtte rette på greipet hans heile tida, og dei blei ganske frustrerte. Men då ho slutta å rette på det og han prøvde å kappe ein stokk slko han handleddet så mykje at han ikkje kunne fortsetje.

Pulsarina hadde òg bede dei kongelege skreddarane om å sy innbrotskostyme til dei. Svarte ettersitjande drakter og maasker som dekka dei lyse andleta deira. Etter middag vr dei ferdige, og sjå korleis dei såg ut. Heltepetter angra bittert på den ekstra porsjonene med karamellpudding, medan Pulsarina plutseleg såg veldig feminin og fin ut.

Pulsarina leidde Heltepetter til baksida av det gigantiske huset. Dei måtte klatre over ein låg murvegg, pg landa i ein rosebusk. Rettare sagt: Pulsarina landa ved sida av rosebusken, Heltepetter midt oppi. Han måtte bite seg i leppa for å ikkje lage masse lydar når tornane reiv flengar i huden hans. Så byrja han sjølvsagt i blø frå leppa, og beut seg i fingeren for å ikkje banne. Det heile enda i ein massakre.

Vindauget Pulsarina hadde sett seg ut var lågt mot bakken og smalt. Første utfordring var å opne det.

”Eg trudde ikkje det ville vere låst,” sa ho, ”det plar alltid stå opent.” Heltepetter valde å ikkje spørje kvifor ho visste det.

”Kva med døra?” sa han og peika på ein gløtt i bakdøra.

Ho fnøys litt, men gikk med på å undersøkje.

”Kanskje han ikkje veit at han må låe denne?” foreslå Heltepetter. ”Knanskje det alltid har vore tenarane som har gjprt det?”

Pulsarina ignorerte han, og dytta litt på døra sjølv. Den gav ikkje ein lyd, så ho gikk på tå inn i gangen.

”Kom,” sa ho, ”det er kjøkenet, det er ingen her.”

Lyset vsr sv, men i skinet frå månen som kom inn gjennom døra kunne Heltepetter sjå at det var store stablar med oppvask i kummane, mat stod i bollar på benkene og ikkje i kjølseapet.

”Eg trur du har rett i at tenarane ikkje er her meir,” sa Heltepetter.

”Hysj,” sa Pulsarina, høgt.

Han følgde etter henne, ho måtte ut i gangen for å finne ei smal trapp nefover til kjellaren.

Heltepetter høyrde berre eit svakt smekk og så segna Pulsarina om. Han sprang etter henne. Det var, tenkte han, ikkje det taktisk smartaste, men meir modig og helteaktig enn det han klarte å prestere til vanleg. Den stille kroppen hennar var i ferd med å bli slept inn i eit lite rom, og han smatt inn døra saman med henne.

Ein skikkelse kledd berre i tettsitjande svarte klede stod bøygd over prinsessa. Han hadde dratt open eit augelokk og peered inn i eit auge med ei lommelykt.

”Hey!” sa Heltepetter.

”Hysj,” sa tjuven. ”Dei kan vakne.”

”Å,” sa Heltepetter lågt. Men så prøvde han å manne seg opp igjen. ”Kvifor slo du henne?”

”De var på mitt territorium. Har de ikkje sjekka lista?”

”Lista?”

”Lista som heng på tjuvmeisterens kontor. Der det står kven som får stele frå kven,” sa tjuven og rulla med auga, som om dette var noko alle visste.

”Å,” sa Heltepetter igjen. Han hadde høyrd om tjuvelauget i byen. Alle hadde høyrd om tjuvelauget. Det var det største lauget i byen, dei var større enn handelslauget, dei var større enn banklauget, dei var større enn gjøglar- og gatespelarlauget. ”Men vi var ikkje her for å stele.”

”Ja men då så!” sa tjuven oppgitt. ”Du veit at edet er det dei seier ale saman, dei har ikkje bestått prøvene for å bli tatt inn i lauget, og når dei blir tatt på fersken seier dei at dei berre gløymde noko i huset eller at ein slektning av deii blir heldt fanga i kjellaren.”

”Men det er jo akkurat det vi er her for,” sa Heltepetter. Han var litt sur for at tjuven automatisk gikk ut ifrå at dei òg var tjuvar. Berre av di dei badde dei same kleda og sneik seg inn bakdøra midt på natta.

”Kva? Ein slektning av dykk er heldt fanga i kjellaren?”

”Ikkje min. Hennar,” sa han og peika på medvitslause Puslarina. ”Men vi er ikkje sikre, altså.”

”Eg har høyrd den før.”

”Men ser du ikkje kven det er?”

”Ein litt feminin gut?”

”Det er prinsesse Pulsarina!” freste Heltepetter.

Tjuven bøygde seg ned og skein lommelykta på andletet hennar igjen. Så velta han henne forsiktig over på ryggen. Strauk henne forsiktig over det korte håret, over kinnet.

Heltepetter lurde på om han skulle stoppe tjuven, han syntest ikkje dette var riktig å gjere med nokon som låg på golvet og var slått ut med noko hardt mot hovudet.

”Slutt,” kviskra han til slutt.

Tjuven snudde seg og såg opp mot han. ”Kva sa du?” Heltepetter skjøna ikkje om han spurde av di han ærleg ikkje hadde høyrd, eller om han sa det hånleg som om han ikkje tok ordrar frå nokon, særleg ikkje ein litt lubben gut som hadde rive store hol i tjuvedrakta si.

Men til slutt stoppa han og reiste han seg opp. ”Kven er det som då eventulet er heldt i kjellaren?”

Heltepetter angra det han hadde sagt om det frå før. Han ville ikkje seie at det var kongen når det eigentleg var ein løyndom. Men han måtte no seie B. ”Kan du halde noko hemmeleg?”

Tjuven nikka.

”Kongen har forsvunne, og vi leitar etter han.”

Tjuven sperra opp auga. ”La meg hjelpe.”

Heltepetter såg ned på dolken i beltet til tjuven, og på sverdet til Pulsarina, som han aldri ville rekkje. Han kunne håpe på guddommeleg hjelp til å svinge det, men ikkje om han allereie hadde ein kniv i ryggen. ”Ok,” sa han.

Dei såg båe ned på Pulsarina. Ho såg veldig fredsam ut. Dei let henne liggje, ho såg så søt ut.

Heltepetter følgde etter tjuven ut i gangen igjen. Golvborda knirka berre når han trådde på dei. Det var den høgaste lyden i verda.

Dei kom til ei ny dør. Tjuven kjende på den, den var låst, så han sat seg på huk og byrja å finne fram verktøya sine.

”Hald utkikk,” sa han til Heltepetter.

Heltepetter stilte seg langs veggen og prøvde å sjå begge retningar samtidig.

Eit klikk lød, og så smatt tjuven inn døra. Heltepetter snubla i føtene sine i hastverket med å følgje etter og ikkje bli satt igjen på gangen som den inkompetente tosken han jo faktisk var.

Han trilla ned trappa med eit bom, eit brak, eit krasj og eit splash. Det siste var ein vassdam han landa i. Han håpa det var ein vassdam.

Det fanst ikkje noko lys i kjellaren. Heltepetter drog handa langs veggane for å prøve å finne ein lysbrytar, men tjuven slo vekk handa hans. Han slo på lommelykta si og drog den ein rask runde rundt det vesle rommet dei (no då han hadde reist seg) stod i. Tre dører leidde vidare. Tjuven opna dei raskt alle tre. To var små spiskammers, ei opna opp til ein gang.

Tjuven drog Heltepetter med seg inn denne gangen. Han var ganske lei av å bli dratt stader, men han kunne ikkje klage, han hadde laga nok lyd til å vekke heile huset.

Kjellaren var sett saman av mange små rom og tallause dører. Dei gikk gjennom den eine etter den andre, og Heltepetter var sikker på at han aldri kom til å finne vegen ut på eiga hand.

Så høyrde dei eit høgt krasj. Heltepetter skvatt til, og kom til å halde rundt tjuven, som stod stille som eit tre. Flau lausna Heltepetter taket, og prøvde å gjere det same som tjuven, som om han aldri hadde gjort anna. Det var ikkje heilt overtydande, men heldigvis var det berre tjuven der for å sjå. Og sidan han ikkje har fått eit namn kjem han aldri til å vere ein stor del av denne forteljinga.

Heltepetter høyrde ingenting, men tjuven la ein finger over munnen, heilt stille. Helteptter prøvde å ikkje puste, det gikk fint ei stund, men så kom ei stor utblåsing og eit djup andedrag. Han såg på tjuven, prøvde å seie unnskyld med berre andletet, og så bestemde han seg for å prøve å puste veldig, veldig stille. Det var vanskeleg.

Tjuven greip ryggen hans akkurat som han syntest han hadde funne ein måte å puste på som var heilt lydlaus. Tjuven styrde han ut av rommet, vidare gjennom kjellaren. Her og der var dei gjennom rom han syntest han hadde vore i før, men dei dansande skuggane over hermetikk, vin, gamle klede og anna gjorde at alt såg likt ut. Dei var nesten lydlause. I gjennomsnitt, altså. Tjuven laga ikkje ein einaste målbar desibel, medan Heltepetter laga noko meir.

I eit rom med nokre store skap stoppa tjuven Heltepetter, dytta han inn i eit skap, og følgde etter. Det var trangt inne i skapet med to gutar og ein heil familie med daude mink.

”Kvifor stoppa du?” sa Heltepetter. Det var eit lettare utgangspunkt enn ”Kvifor har vi sprunge rundt i ring i kjempelenge?”

Tjuven la øyret mot den lukka skapdøra. ”Eg fann ein stad å gøyme oss,” sa han, så lågt at Heltepetter ikkje var sikker på at han hadde høyrd det og ikkje berre funne det på med stemma til tjuven.

Heltepetter skulle til å seie noko, men fleire sett med fottrinn som kom forbi skapet deira fikk han til å halde pusten igjen. Han burde vore i betre form, det hjelpte ikkje berre å vere modig. Men han vakta seg vel mot å ønskje at han var heime i landsbyen igjen, han hadde høyrd kva som kunne skje med folk som ønskja seg ting dei ikkje eigentleg ville ha. Han hadde aldri hatt det så godt som han hadde no, sjølv om han måtte stå opp tidleg og vandre rundt heile byen.

Dei venta heilt til fottrinna kom tilbake forbi skapet den andre retninga. Det var lenge å stå trykt inntil ein annan mann, Heltepetter følte pusten hans på kinnet sitt, følte magen sin treffe tjuven i magen, han prøvde å trekkje den inn, men det hjelpte ikkje stort.

Tjuven og helten sprang ut av skapet, glade og frie.

Tjuven drog Heltepetter med seg atter ein gong. Dei gikk same veg som fottrinna hadde gått den første gongen.

Til slutt var dei ved trappa igjen.

”Men,” sa Heltepetter, ”vi har jo ikkje funne noko.”

”Nei,” sa tjuven, ”det var ikkje noko å finne.”

”Kva med kongen då?”

”Han er ikkje her, seier eg,” sa tjuven.

Så gikk han frå Heltepetter på botn av trappa.

Då helten hadde pesa seg opp alle trappetrinna fann han tjuven på rommet der dei hadde lagt frå seg Pulsarina.

”Kvar har du gjort av henne?” sa Heltepetter, for ho var ikkje der.

”Eg? Kvar skulle eg gjort av ei heil jente?” sa tjuven, indignert.

”Du er tjuv, er du ikkje det?”

”Eg takkar for rosen, men fullt så god er eg ikkje. Det er ingen tjuvar som er det, du må i så fall få tak i ein tryllekunstnar. Eller ein trollmann, sjølvsagt, men eg har høyrd at dei er forferdeleg dyre.”

”Å,” sa Heltepetter. ”Kva skal vi gjere no, då?”

”Vi skal finne henne og redde henne, sjølvsagt,” sa tjuven.

”Å,” sa Heltepetter igjen, og let seg føre nedover gangen.

Dei opna forsiktig alle dørene på vegen. Det var mange dører til mange store rom. Mange av dei såg heilt nakne ut, i nokre var det nokre få møblar med kvite laken over, over nokre digre lysekroner òg.

”Det er verre enn eg hadde trudd,” sa Heltepetter, som ikkje hadde trudd så frykteleg mykje inntil då.

Tjuven gadd ikkje eingong å svare. Til slutt kom dei til ei dør som var låst.

”Eg er heilt sikker på at det er daglegstova vi var i tidlegare i dag,” sa Heltepetter. Kvar han hadde lært eit ord som ”daglegstove” er ikkje visst.

Tjuven såg på han med eit skrått, nedlatande blikk, og dirka opp døra til eit heilt anna rom. Dette var eit rom med overdådig vakker tapet, eit rundt bord, og fire pene stolar. Rommet var altfor stort fir dei få møblane.

I eit hjørne låg Pulsarina. Hendene hennar var bundne bak ryggen hennar, føtene saman, og ho hadde eit raudt paisley-tørke for munnen så ikkje kunne sbakke.

Tjuven bøygde seg raskt ned og hadde henne laus på få sekund. For seint blei Heltepetter sur på tjuiven, for dette skulle jo vore hans oopogpve, å redde den vakre prisnessa. Han blei nervøs. Først slår han henne ned. Så lausnar han banda hennar. Kva er det neste, at ho forelskar seg i han?

Han måtte berre vere meir helteaktig enn tjuven. Det burde ikkje vere så vanskeleeg, burde det det?

Det første helteaktige han bestemde seg for å gjere var å snible i sine eigne føter på veg gjennom rommet for å helteaktig passe på henne. I staden var det no hoi som bøygde seg over han og spurde om det gikk bra. Han blødde frå leppa, men den største skaden var til stoltheita hans.

For ein klisjé, tenkte han.

Igjen hadde han laga eit valdsamt bråk. Tjuven drog med seg Pulsarina, som såg ut til å nøle, men bestemme seg for å dra med seg stakkars Heltepetter ned gangen mot døra edi hadde komme inn.

Men så langt kom dei ikkje. Ein slihuett stod framfor måneskinet som strekte seg etter dei.

”Kadmium,” freste Pulsarina.

”Vesle Pulsarina,” sa Kadmium, sleipt og mjukt.

Å nei, tenkte Heltepetter.

”Så stor du har blitt,” sleska han vidare. ”Eg ville ikkje gjetta at det var du av kusinene mine som ville bryte seg inn huset mitt. Men men, eg kan innrømme at eg tar feil.”

”Å, hald kjeften din, Kadmium,” sa Pulsarina. ”Det er den einaste staden du har noko.”

”Å ja? Du yppar?”

Pulsarina la handa på skjeftet av dolken ho hadde i beltet. (MOGLEG REDACT HER, ALTSÅ, HADDE HO MED SVERD?) Ho trekte den ikkje, men musklane i armen hennar spente seg.

Heltepetter såg frå henne til tjuven. Han var borte. Ingen stad å sjå. Han hadde vore der for berre ein augneblink sidan.

Så Heltepetter måtte sjå rundt seg igjen for å finne eit clue om kva han skulle gjere.

I ein strategisk plassert paraplyhaldar såg han eit sverd, komplett med belte og skjefte fullt av diamantar og andre edeltsteinar. Han hadde berre tenkt å løfte det opp og gi det til Pulsarina, men frå han tok i det var det som om han mista si eiga frie vilje.

”Endeleg!” sa ei stemme inne i hovudet hans.

”Endeleg kva?” sa Heltepetter.

”Endeleg er eg fri igjen!”

”Fri frå kva?” sa Heltepetter.

”Fri frå den grusamme paraplyhaldaren der eg har voire heldt fanga i årevis!”

”Kor nange pr?”

”Er det ikkje bra nok at eg har vire hekdt fanga i årevis?”

”Jodå, eg var berre nysgjerrig.”

”Det er ein god eigenskap i ein helt.”

”Ehm, takk?” sa Heltepetter,

”Ingentung å takke for!” skreik stemma i hovudet hans. Heltepetter gikk ut frå at det var sverdet. Det plar vere det i ei historie om ein helt. ”Eg har endeleg ein helt igjen, så då er eg veldig, vekdig glad.”

”Men eg er ikkje spesielt helteaktig,” sa Heltepetter. Han likte ikkje å innrømme det, men det måtte vere sagt. Det ville vere løgn ved utelating om han ikkje sa noko om det, og det var ikkje noko ein helt gjorde.

”Ikkje? Men eg blei lova ein helt av visdomsdragen!” sa sverdet.

”Eg trur mange blei det,” sukka Heltepetter.

Kadmium og Pulsarina såg på han rart, som om han hadde blitt gal. Og kven veit, kanskje han hadde blitt det. Han stod med handa ned i eit paraplystativ og snakka til seg sjølv. Men berre ein halv samtale. Dei swåg på kvarandre. Burde dei rungje Dykemark, det lokale galeasylet?

Plutseleg drog han sverdet ut av slira. ”Haha!” skreik han medan han peika det høgt i vêret (så gipsstøv regna ned over han som ein julekule eit ivrig barn har rista på), og med ein gong sat fast foten i ein krøll i teppet som ikkje hadde blitt retta ut av tenarane (av di dei ikkje jobba der meir). Han landa med sverdhanda over seg, men den andre bøygd unaturleg under den andre.

”Au,” sa Heltepetter og byrja å grine.

Kadmium sukka og let Pulsarina leie den stakkars helten ut døra. Tårene trilla, og han snufsa litt. Ingen, ikkje ein gong Heltepetter, la merke til at han framleis hadde sverdet i den uskadde handa.

På heimturen høyrde Heltepetter med ujamne mellomrom utbrot som ”Jævla tulling!”, ”Idiot!”, ”Skrulle!” og ”Klumsefrøken!” Nokre skal eg ikkje gi igjen her, då kunne eg blitt saksøkt for ærekrenking.

Legen venta på dei då dei kom tilbake til slottet. Jøss, tenkte Heltepetter, nyhende reiser jammen raskt.

Dagen etter kom han aleine i gipsen sin til frukost. Han spurde ein av servitørane, ”Kvar er Pulsarina?”

”Ho ønskja ikkje å vekka i dag,” svarte servitøren.

”Kvifor ikkje?” spurde Heltepetter. Armen hans klødde, han var irritert, og sverdet nekta han å leggje det frå seg, så han hadde måtta ha det på over pysjamasen.

Servitøren bøygde seg ned til han var heilt unn til øyret til Heltepetter. ”Eg høyrde at ho hadde herrebesøk.”

”Av kven?”

”Det jan eg ikkje seie.”

”Kan ikkje eller vil ikkje? Eller berre får ikkje lov til?”

”Eg veit det ærleg talt ikkje. Det var nokon kledd i svarte klede, men han var flink til å skjule kven han var.”

”Å,” sa Heltepetter.

”Jaja,” sa han.

”Kva?” sa servitøren.

”Då blir det vel meg og Fotonetta igjen, då.”

”Skal eg vekke henne?”

”Det er sikkert ikkje verdt det.”

”Sannsynlegvis eit fornuftig val.”

”Eg tenkte meg liksom det.”

Servitøren skulle til å trekkje seg tilbake.

”Ikkje gå,” sa Heltepetter plaintively (har vi eit ord for det på norsk?)

servitøøren lente seg ned til han igjen. Skitt, no måtte han finne på noko å seie, han ville berre ha litt selskap frå nokon som ikkje meinte han var dårlegare enn dei heile tida.

”Kan eg låne ein strikkepinne?” bad han. ”Eg klør sånn.”

”sjølvsagt,” sa servitøren, og gikk raskt ut av rommet. Heltepetter såg langt etter han.

”Du er den verste helten eg har vore borti,” sa ei stemme i hovudet hans igjen. Heltepetter hadde nesten gløymd at hab hadde sverdet medan han tenkte på kor einsam han var.

”Du kunne jo hjelpt til litt, då,” sa Heltepetter. Han hadde bestemd seg for at han ikkje ville la seg overkøyre meir, han var helten i denne forteljinga, og då var det ikkje han som skulle ta dritten frp alle dei andre.

”Korleis?” sa sverdet. ”Eg er berre eit sverd.”

”Men du er eit magisk sverd.”

”Magisk og magisk, fru blom.”

”Men du kan jo snakke!”

”Det kan du òg, og du er ikkje mykje magisk, frøken fall over ende så fort nokon ser på deg.”

”Hey! Ikkje rettferdig! Du overraska meg!”

”Korleis er det ikkje rettferdig? Du har ikkje gjort anna enn å snuble og sove så lenge denne hustoria har vart!”

”Ok, eg innrømmer at eg har vore meir på bakken enn somme andre, men eg har i alle fall berre blitt skildra som at eg har litt stor mage. Fotonetta har dobbelthake og fikk drosjevogna til å knrie, og Pulsarina var overraskande feminin!”

”Kva med meg?” sa den sure stemma til nettopp Fotonetta.

”Ingenting!” sa Heltepetter. Det funkar aldri, men han kunne berre håpe at ho ikkje hadde høyrd kva han sa, elles var det ute med han. Ho kunne berre setje seg på han, så kunne han vinke farvel til ein statue på torget og heller håpe på ein minnemynt.

”Eg høyrer at du er lei av Pulsarina. Eg skjønar. Det er eg òg,” sa Fotonetta.

”Nei nei!” sa Heltepetter. Han ville ikkje fornærme ein medlem av familien hennar. Men ho hadde jo gjort det sjølv. ”Eg meiner, ho er visst ikkje interessert i å jpbbe meir med meg.”

”Vel, det er ikkje eg heller, men må ein så må ein, seier dei,” sa Fotonetta. Ho sleppte seg tungt ned i stolen og greip den næraste croissanten.

Heltepetter skulle til å gjere det same, men blei stoppa av den evige stemma i hovudet: ”Skal du verkeleg ha ein til?”

”Neidå,” sukka han.

”Kva?” sa Fotonetta.

”Ingenting,” sa Heltepetter. Han sukka, og drog til seg armen igjen, utan croissant.

”Eg er heilt sikker på at du sa noko,” sa Fotonetta.

”Jadå,” sa Helteppetter. ”Men eg sa det berre til meg sjølv.”

”Hmm, rart,” sa ho. ”Du har ikkje snakka med deg sjølv før.”

”Det må bere stress,” sa Heltepetter.

”Det er det nok,” sa ho. ”Har du prøvd å slappe av meir?”

Heltepetter sukka, igjen. Alt hadde gått så bra då han hadde slappa av meir. Men han hadde ikkje eigentleg hatt høve til å slappe av i det siste, følte han, han hadde fått oppgåver og følgjesvenner han akdri hadde bede om, og eigentleg kunne levd godt utuan.

Heltepetter ville ikkje prøve å få tak i tabla der han og Pulsarina hadde notert i går, for risikabelt, så han oppsummerte som best han kunne for Fotonetta. ”Så altså, for å konkludere, anten har han rømd av eiga fri vilje og gøymd seg fir godt til at vi klarte p finne han, eller så har den konkursridne broren hans gjort eitt eller anna med han men ikkje stua han i kjellaren sin, eller så har nabokongen gjort noko med han.”

”De har verkeleg gjort ein god jobb,” sa Fotonetta.

”Takk,” sa Heltepetter, som iklke var spesielt god i ironi, heller.

”Kvar foreslår du, o store helt, at vi byrjar?” Ho åt no på eit digert oreokakestykke. Det såg så godt ut at Heltepetter òg ville ha eit. Men har torde ikkje å ta etter det, sverdet kom berre til å mobbe han for kakelysta hans.

”Kva, trur du at eg ikkje kan lese tankane dine?” sa sverdet.

Heltepetter sukka. Han strekte seg ut etter kakestykket.

”Kakemons!” skreik sverdet. ”Feiting! Veit ikkje kva som er best for deg sjølv! Har ikkje sjølvkontroll og disiplin nok til å halde seg tynn!”

”Hald kjeft,” sa Heltepetter mellom munnfullane. ”Nei, ikkje du,” dette til Fotonetta. Ho såg rimeleg snurt ut uansett.

”Haha,” sa sverdet. Det måtte sjølvsagt få det siste ordet.

Dei gikk saman til stallen der stakkars Gunda hadde stått og gomla grisemat sidan dei kom til byen.

”Eg er så glad for at de kjem!” sa griserøktaren.

”Kva?” sa Fotonetta. Kanskje ho ikkje var van med akkurat den reaksjonen.

”Ho er ein litt vanskeleg gitos å ha ned å gjere,” sa griserøktaren.

”Kva meiner du?” sa Fotonetta.

Griserøktaren trekte seg litt tilbake, prøvde nærast å gjere seg mindre. ”Ho let ikkje dei andre grisane ete.”

”Vel, det er vel ikkje så stort problem?”

”Hadde det berre vore det,” sukka griserøktaren, og nekta å seie meir.

Både Heltepetter og Fotonetta følte seg meir komfortable når Gunda var saman med dei. Ho var den einaste av dei som kunne slæst tilbake. Vel, når det kjem til stykket kunne jo Fotonetta gi ei skyllebøtte så kaustisk at sjølv den mest hardbarka leigesoldaten ville blitt nervøs, men ho var likevel meir komfortabel saman med nokon som ikkje helst ville springe sin veg.

Heltepetter overtala Fotonetta til å ikkje ta ei drosje ut til byporten. Det var ikkje så langt, sa han, og sa ikkje noko om at det ikkje hadde vore plass til han førre gong, og at han ikkje eigentleg likte å bli framstilt som ein som trong ein førargris.

Dei stod utanfor muren, det var tidleg ettermiddag allereie, og dei visste ikkje kva dei gjorde der.

”Kva gjer vi no?” sa Heltepetter.

”Eg veit ikkje,” sa Fotonetta, og så tok dei ein piknik. Den var heilt inntil muren, så dei skulle ha noko å lene ryggen på. Korga med mat og ein lett dessertvin var raskt tom. Dei lente seg til muren, naut varmen som strålte frå steinen som hasdde stått i sola heile dagen. Fotonetta fyrte seg opp ei pipe.

”Vil du ha litt?” sa ho til Heltepetter.

Heltepetter tenkte over det ei stund. ”Nei takk,” sa han. Han var rimeleg sikker på at ho ikkje ville ta det feil, det var berre det at han aldri hadde likt å røyke pipe. Jan visste ikkje kvifor.

”Ok,” sa ho, og snadda vidare.

Snart høyrde Heltepetter eit mjukt dump. Pipa hadde falt ned på bakken. Hendene til Fotonetta lå g slappe, ei på bakken, og ei på magen hennar. Auga var igjen, og for ein gongs skuld såg ho fredsam ut. Han ville ikkje vekkje henne, ho trong venleikssøvnen sin.

”Endeleg!” skreik sverdet. ”Endeleg er vi aleine!”

”Å nei,” sa Heltepetter.

”Kva meiner du?” Sverdet læyd surt, som om det ikkje likte tonen i stemma hans.

”Eg meiner berre,” sa Heltepetter og prøvde å pukke orda med omhu, shølv om det definitivt ikkje var noko han var god på, ”at eg håpa på litt ro og fred.”

”Men eg gjer ingenting!” sa sverdet, med smil om ein munn som ikkje fanst, i alle fall ikkje no lenger.

”Ok,” sa Heltepetter, ”men eg vil ikkje reise meg.”

”Eg har ikkje sagt at du må reise deg!”

”Men du kjem til å foreslå det.”

Sverdet svara ikkje på det.

”Fortel meg,” sa Heltepetter etter ein lang pause, ”kva er du?”

”Eg er eit magisk sverd, det har du jo komme fram til sjølv.”

”Du sa at du ikkje var magisk.”

”Det er ein definisjonssak.”

”Definer!”

”Eg er eit sverd med ein innebygd person.”

”Kva meiner du?”

”Ein gong var det eit sverd og ein persn. No er det eitt sverd der personen òg er.”

”Når?”

”Det er lenge sidan, du veit ikkje om den tida, ein gong.”

”Sikker?”

”Jepp.”

”Kva for ein person?”

”Det er like interessant å spørje kva for eit sverd.”

”Kva for eit sverd?”

”Eg hugsar ikkje.”

”Men du sa det var meir interessant å spørje om!”

”Eg sa det var like interessant.”

”Greitt, kva for person? Og ikkje sei at du ikkje hugsar!”

”Eg har gløymd det.”

”Det tyder det same.”

”Ikkje heilt.”

”Nært nok.”

”Om du seier det så.”

”Ja.”

”Ok.”

”Kvifor er du inni sverdet?”

”Kvifor spør du ikkje om kvifor det plutseleg har komme ein personlegdom inn i meg?”

”Ikkje kveruler. Dessutan trur eg at eg snakkar med personen.”

”Tru jva du vil.”

”Det har eg alle planar om.”

”Fint, eg trur ikkje du er smart bok til å endre oppfatning basert på saklege argument uansett.”

”Takk,” sa Heltepetter syrleg.

”Ikkje takk meg enno, eg har enno meir på lager.”

”Eg tvilar ikkje.”

”Kvifor er du så opptatt av kvar eg kjem frå uansett? Eg trudde draumen din var å ha eit magisk sverd.”

”Du er ikkje heilt det eg såg for meg.”

”Vel, du er ikkje heilt helten eg såg for meg heller. Visdomsdragen sa ”stor”, eg trudde han meinte store musklar eller stor krigar, i staden får eg ein stor ølmage. Kor gammal er du uansett?”

”18.”

”Sikker?”

”Ja!”

”Ok, ok, eg er berre van med at heltane mine ljug på seg eit år eller to sånn at dei skal få vere med i krigen. Men eg må bli van med at du ikkje er ein av mine vanlege heltar.”

”Det er nok lurt.”

”Har du aldri villa bli ein stor krigar? Lære å bruke sverd, skyte med pil og boge, drepe ein bjørn?”

”Jo,” sukka Heltepetter, ”men dei meinte ikkje det var trygt.”

Sverdet sa ingenting til det.

”Kvifor kan du ikkje gi meg magiske evnar?”

”Eg må ha noko å byggje på. Eg kan ikkje lage ein sverdkjempe av tøyfiller og ei lita jente! Kan du – la meg sjå – gi folk brev under postomgangen om det ikkje kjem ei postvogn til landsbyen?”

”Nei,” sa Heltepetter. ”Men du må vel ha nokre ting du kan gjere? Kan du ikkje meg meir elegant eller noko?”

”Korleis skulle eg gjere det? Trur du eg kan ta over kroppen din?”

”Dei kan alltid det i bøkene.”

”Dette er ikkje ei bok.”

”Sikker?”

Det svara ikkje, men Fotonetta strekte på armane og opna auga. ”Skal vi gå heim igjen?” sa ho.

”Kvifor?” sa Heltepetter.

”Middag,” sa Fotonetta.

Heltepetter var for så vidt einig i tanken hennar, men han ville jo gjerne finne kongen, då. Han var trass alt helten, han følte ansvaret ligge på skuldra sine.

”Ok, då,” sa Fotonetta, ”la oss fortsetje litt til. Men så må eg inn.”

”Fint.”

Fotonetta drog fram ei t-skjorte frå sekken sin. Ho heldt den framfor snuta til Gunda, vifta den ltitt og rista den. ”Spor denne!” sa ho.

”Eg trur ikkje ho berre kan følgje eit spor frå ingen stader,” sa Heltepetter nølande, ”eg trur ho må ha ein plass å starte frå.”

”Hysj!” sa Fotonetta. ”Sjå på henne!”

Og Gunda var verkeleg på ferten av noko. Ho hadde trynet i bakken, vralta hurtig rundt og rundt på graset framfor byporten. Plutseleg stoppa ho, peika trynet i vêret og gav eit høgt grynt. Så starta ho å gå raskt nediver vegen. Heltepetter og Fotonetta kunne ikkje gjere anna enn å følgje etter henne.

Det var imponerande kor fort ein så stor gris som Gunda kunne springe medan ho sniffa gjørma som vegen hadde blitt til over natta. Heltepetter kunne berre så vidt halde følgje med henne, medan Fotonetta blei hengande lenger og lenger etter.

Dei var pp veg iknn i skogen igjenk, på same veg som Heltepeteter og Fotonetta hadde komme inn eit par dagar før.

Heltepetter såg seg tilbake eit par gonger. Fotonetta nekta å springe, så dei drog raskt frå henne. Etter den andre gongen måtte Heltepetter slutte å ikkje sjå for seg, knea hans ville ikkje tole spesielt mykje meir.

Gunda runda ein sving i vegen, og Heltepetter mista henne av syne. Eit kvin laud, som ein stukken gris, og Heltepetter la inn eit ekstra gir han ikkje visste at han hadde. Han sprang rett inn i ei scene så fylt med blod, gørr og grusamheit at han ikkje visste kva han skulle gjere av seg. Tanken på å kaste opp kom ikkje inn i hovudet hans, sjølv om han hadde lese mange bøker der helten gjorde nettopp det. Deretter svor dei alltid revenge.

Heltepetter ville sverje revenge for Gunda. Ho låg oppå minst tre blodige, skamslåtte menn, som ganske sikkert var daude. Armane og beina deira peika i alle fall i alle moglege retningar, ein hadde hovudet i ein veldig vond vinkel.

Gunda hadde ei pil stikkande ut av den store grisefleskesida si. Ho sleit tydeleg med å pusste, for høge snøfte- og gryntelydar kom kvar gong sida hennar rørde på seg.

”Gunda!” ropte Heltepetter, og kasta seg over henne. Han såg ikkje ut til å bry seg om alle dei tungt væpna mennene som framleis stod rundt likhaugen. Han ville berre klappe henne ein siste (og første) gong på trynet. Det var mjukt, og varmt, og ho rørde deet så vidt under hendene hans. Tårer starta å rulle nedover kinna til Heltepetter. Gunda hadde forstått han som ingen andre hadde kunna. Ho hadde passa på han då han ikkje kunne forsvare seg mot røvarane. Ho var den beste vennen hans, og han brydde seg ikkje om at ho hadde vore slem mot dei andre grisane. Ho hadde fortent det.

Røffe hender tok tak i skuldrene hans og drog han vekk frå stridssvinet. Han prøvde å setje føtene i bakken, for å gå, for å stritte i mot, for å ha noko å stå på medan han sparka kven det no enn var som prøvde å fjerne han frå stakkars Gunda, som burde ha nokon med seg medan ho døydde.

Ei stemme sa: ”Han er tyngre enn eg hadde trudd.” Han fikk ein fot hardt ned i bakken, men han brukte den så godt han kunne, og sleiva ut med den andre. Han trefte ingenting.

”Slutt med det der, gut,” sa stemma, ”elles skyt vi deg òg.”

”Ja, haha,” sa ei anna stemme, ”dei vil ha deg levande, dei sa ikkje kor lenge!” Fleire mannestemmer, djupe og ru, lo rått.

Heltepetter gjorde ein taktisk vurdering, og valde å halde seg i ro.

Han blei lempa som ein sekk potetar på ein hest. Ein mann, som han ikkje enno hadde sett andletet på, men som hadde eit særs illeluktande skrittparti, sat seg i salen og slo på hesten. Snart var dei i gang, og Heltepetter såg trea som sprang forbi dei fortare og fortare. Han blei svimmel og kvalm av å berre sjå hestebein og trestammer, så han prøvde å lukke auga. Då merka han berre kor vondt han fikk i magen av å ligge sånn på hesten.

Valet fall på opne auge.

Oppkastet landa i håret hans, for det meste, noko kom på hestebeina, og ein forsvinnande liten del hamna direkte på bakken. Han lengta med ein gong etter lunsjen sin. Den hadde vore sabla god, den var mykje mindre deilig og appetittvekkjande på veg opp igjen.

Heldigvis var det ikkje lenge før dei stoppa igjen, og Heltepetter blei dratt av hesten, noko uvennsamt. Han blei dukka i bekken og rista til han drog inn vatn i lungene. Han låg på bakken, hosta og hosta, til ahn til slutt kunne puste. Då blei han løfta opp igjen, og armane hans blei dratt hardt framfor kroppen og bundne saman. Dei slengte han opp på ein ny hest, og batt han fast i salen.

Leietauet til hesten hans blei festa til salen til fyren før dei i rekkja, og så var dei i gang igjen. Det var mykje betre for Heltepetter å sitje sånn, han kunne til og med halde seg fast, så han ikkje falt av hesten.

”Skal du ikkje prøve å rømme?” spurde sverdet, inne i hovudet hans.

”Nei,” kviskra Heltepetter. ”Kroleis skulle eg få til det? Eg sit fast.”

”Du har eit sverd, veit du.”

Han hadde nesten ikkje tenkt over det. ”Kvifor tok dei ikkje deg bort?”

”Å, eg har mine evner,” sa sverdet lurt.

”Men du sa at du ikkje var magisk!”

”Sa eg det? Eller impliserte eg det?”

Heltepetter tenkte tilbake, på alle tinga som sverdet hadde sagt, og dei endå fleire tinga det ikkje hadde sagt. ”Du impliserte edt.”

”Og sjå! Der lærde du noko om å høyre etter når folk snakkar til deg.”

”Men eg kjem ikkje til å få tak i deg utan at dei ser meg,” innvened han.

”Kvifor er du så kverulant i dag?”

”Eg er berre redd for dei!” kviskra Heltepetter at banditten før han snudde seg og såg på han rart. ”Eg kan jo ikkje snakke med deg ein gong utan at dei veit om det.”

”Kan du ikkje?”

Han tenkte seg om. ”Det kan eg sikkert,” sa han så lågt at det faktisk var umogleg å høyre han.

”Bra,” sa sveredt.

Heltepetter kom til å tenkje på at sverdet ikkje hadde øyre. Han tenkte på å seie ”Høyrer du dette?”

”Jepp,” sa sverdet. ”Flink gut.”

”Så eg hadde ikkje trunge å snakke med meg sjølv heile tida?”

”Nei,” sa sverdet.

”Kvifor sa du det ikkje?”

”Du spurde ikkje.”

Heltepetter sukka. Han skulle nesten ønskje at han ikkje hadde fått eit magisk sverd.

”Hey!” sa sverdet. ”Eg høyrde det!”

”Fint,” sa Heltepetter, ”det var meininga.” Sjølv om det ikkje var det.

”Er du heilt sikker på at du ikkje vil stikke av?” sa sverdet.

”Ja,” sa Heltepetter. ”Eg veit ikkje ein gong kvar eg er lenger.”

”Men du kan finne det ut,” sa sverdet. ”Du kan falle og brekke beinet (du er god til sånt), og slepe deg sjølv til næraste landsby, for der å bli pleid av ei skjøn jomfru som du forelskar deg i, mot farens vilje, og rømmer med den vakre jenta så fort du kan gå på beinet.”

”Eller eg kan finne ut kvar det no er dei vil ta meg. Dei ville ha meg levande, sa dei, så då bør det gå bra.”

”Ja vel,” sa sverdet, ”sidan du insisterer.”

Etter mange lange timar på hesteryggen, og nokre pausar der Heltepetter fikk nokre bitar brød og hesten fikk ete litt gras, kom dei til ein by.

Den var stor, minst like stor som den han hadde dratt frå. Det var mørkt, men lysa frå byen skein som om det var ein stor fest. Alle husa hadde eitt eller fleire lyspunkt, og hovudgata hadde hengande lysgirlander heile vegen frå bymuren til slottet.

Ved byporten tok vaktene i raude uniformer av seg hattane, og bøygde seg for følgjet. Folkemassar stimla til for å sjå dei ri oppover gata. Heltepetter følte seg veldig skiten, og veldig forvirra. Folket byrja å klappe for dei, juble og rope hurra. Heltepetter smilte forsiktig, som berre gjorde at dei ropte endå høgare og byrja å vinke.

”Kva er det som skjer?” spurde han sverdet.

”Basert på tilbakemeldingane vil eg seie at du anten er ein folkefiende som endeleg skal stillast for retten, eller så er du den lenge tapte sonen som endeleg vender tilbake til sitt eige rike.”

”Kva bør eg håpe på?” sa Heltepetter, som ikkje håpa på nokon av delane.

”Truleg at du er den bortkomne sonen,” sa sverdet. ”Elles kan det hende at eg må finne meg ein ny helt.”

Heltepetter sukka. Han kunne ikkje vere nokon kongeson, han hadde jo hatt ein familie. Då var det meir sannsynleg, tenkte han, at han hadde gjort eitt eller anna han ikkje ein gong visste om for å gjere dei sinte.

Han prøvde å nyte dei siste minutta sine. Han prøvde å glede seg over det vakre spelet frå lyktene, over dei glade andleta til menn, kvinner og born som definitivt vinka til han, over lydane og luktene og latteren kring han.

Ved slottet hjelpte nokre stallgutar han av hesten. Han hadde så vondt i beina at han kollapsa og fall om på bakken, men ingen lo. Andre enn sverdet, då, men det var han van med. I staden hjelpte dei han opp, forsiktig, ærbødig, respektfullt, til og med, heldt han forsiktig rundt skuldra og støtta han på vegen mot slottsporten.

Slottet var endå større enn slottet i heimlandet hans. Det hadde endå fleire tårn og spir, som var endå høgare, og hadde endå fleire vindauge i endå flottare fargar. Sjølve porten var endå større, med endå finare utskjæringar og filigree i sølv. To vakter i djupt raude uniformer med store hattar av den finaste pels slo den opp. Heltepetter blei dytta inn først. Han måtte blinke, og snubla litt. Det var så lyst inne at han ikkje såg noko først. Så fort auga hans vende seg til lyset såg han etter ein plass å rømme. Han skulle høyrd på sverdet, og stukke av i skogen og tatt sjansen på faren til den vakre jenta. Det ville i alle fall berre vore éin mann, dette var eit heilt land som var ute etter han, tydelegvis.

Det var ingen stad å gå. Overalt stod uniformerte vakter og såg på han. Heile rommet, ein gigantisk sal av kvit marmor, var bada i kvitt lys.

”Kom!” tordna ei djup stemme, djup som fjellrøtter og grunnvatn.

Det var noko ved den stemma som gjorde qat han ikkje kunne stå imot. Han kunne ikkje stå stille, han berre måtte gå innover i rommet. Han hadde ikkje sett enden enno.

Heilt på den andre sida av rommet sat ein skrøpeleg gammal mann i ein stol som var altfor stor for han. Han låg lent til den eine sida, støtta seg til armlenet, og hveste litt når han pusta. Heltepetter kjende han igjen frå tallause bilete i avisene. Dette var nabokongen. Men han såg mykje sjukare og eldre ut enn Heltepetter var van med.

”Velkomen heim,” sa nabokongen. (HAR VI FUNNE PÅ NOKO NAMN PÅ HAN FØR? TRULEG. REDACT IGJEN, ALTSÅ.) Det var hans stemme som hadde sagt ”kom” tidlegare. Heltepetter kunne nesten ikkje tru at ein så skjør skapning kunne ha ei så myndig og stor stemme, men munnen hans rørde seg, så det måtte vere han.

”Heim?” sa Heltepetter. Han fann ikkje på noko betre å seie.

”Ja,” svara kong Somal. ”Du er min tapte son.”

”Å,” sa Heltepetter.

”Å,” sa sverdet som hang i beltet hans. ”Skitt.”

”Men,” sa Heltepetter, men kom ikkje lenger, for kongen sa ”La oss ikkje diskutere no! Ein bankett er gjort klar i din ære!”

”Å,” sa Heltepetter, og såg ned på hendene sine og innsåg at dei framleis var bundne. Han sat ikkje fast i noko anna enn ein taustump som han hadde tråkka på eit par gonger og nesten snubla, men han fann at han berre måtte følgje etter denne kongen som påstod at han var faren hans.

Dei gikk inn i ein ny sal, minst like stor som den første. Midt i denne salen stod eit langt bord, dekt av ein skinande kvit duk, og kandelaber som skein som om det var midt på dagen. Tenarar stod tett som ein skog, perfekt kledd i kjole og kvitt, med kvart sitt blendande handkle på underarmen. Heltepetter trudde tallerkane var laga av messing og lysestakane av tinn.

”Har du sett,” sa sverdet.

”Kva er alt dette?” sa Heltepetter.

”Eg tok feil,” sa sverdet. ”Det trur eg ikkje har skjedd før.”

”Kva meiner du?”

”Eg meiner at eg ikkje plar å seie noko og så skjer det ikkje.”

”Nei, eg meiner, meiner du at eg er sonen til ein annan konge?”

”Det var det han sa, var det ikkje?”

”Men det kan ikkje vere rett.”

”Kan det ikkje?”

”Nei, eg har hatt ein annan far.”

”Kven seier at ein helt ikkje kan ha meir enn éin far?”

”Det går ikkje.”

”Biologisk sett, kanskje.”

Kongen dytta Heltepetter ned i stolen til høgre for seg, og sat seg sjølv i den høgaste stolen, ved enden av bordet.

”Fortel meg om deg sjølv,” sa han til Heltepetter, som såg seg rundt. Skulle ingen andre ete med dei?

Tydelegvis ikkje.

”Øhm,” sa Heltepetter. ”Kva vil du vite?”

”Fortel meg om staden du vaks opp,” sa kong Somal.

”Det er ein liten landsby som heiter Gurglestad, nesten ved rota av fjellet,” sa Heltepetter.

”Ja? Budde du i landsbyen?”

”Nei, vi hadde eit hus litt utanfor, ei ku og ein åkerlapp.”

Kongen sukka. ”Pittoresk.”

”Kva tyder det?” sa Heltepetter, berre til sverdet.

”Pent, trur eg,” svara det.

”Ja,” sa Heltepetter høgt.

”Fortel meir!” sa kongen.

”Kva meir er det å seie?” sa Heltepetter usikkert. ”Eg var postmann.”

”Her heiter det postombærar,” sa kongen. ”Vi brukar ikkje lenger kjønnsbestemde yrkestitlar.”

”Å,” sa Heltepetter.

”Fortel meg meir!” sa kongen.

”Eg hadde fire søstrer,” sa Heltepetter.

”Ja?” sa kongen.

”Ja, dei døydde i ein brann.”

”Uff.”

”For fem dagar sidan.”

”Eg kondolerer,” sa kongen med den djupe stemma si, skølv om det ikkje heilt høyrdest ut som at han meinte det.

”Kva seier eg no?” sa Heltepetter, som ikkje kunne det ordet heller, til sverdet.

”Takk,” sa sverdet.

”Takk,” sa Heltepetter.

”Kva kalla dei deg?” spurde kongen.

”Kven?”

”Familien din. Eller, ”familien” din.” Kongen laga tydelege hermeteikn i lufta med dei tynne fingrane sine.

Heltepetter likte ikkje heilt dette, utan å vite heilt kvifor. ”Heltepetter,” sa han.

”Den kloke firfisla hadde rett!” sa kongen. Og så: ”Vi kalla deg Pierre.”

Pierre. Heltepetter måtte smake litt på det. Det lød eksotisk, stilig. Som ein høg, mørk mann som alltid visste kva han skulle seie og som aldri snubla i sine eigne føter. Den mannen Heltepetter alltid hadde ønska at han hadde vore.

Kanskje dette var grunnen til at han aldri hadde følt seg heilt heime i landsbyen. Han hadde aldri vore like komfortabel med familien som søstrene hadde, han hadde sett på dei og lurt på kvifor dei kunne vere så opptatte av familien og heimelivet.

”Pierre…” sa han høgt.

”Likar du det ikkje?”

”Jo…” sa Heltepetter. ”Eg er berre meir van med Heltepetter.”

”Det er forståeleg,” sa kongen, men smilte lurt.

”Det er noko muffens her,” sa sverdet.

”Muffins?” sa Heltepetter. Han var svolten, men ingen mat hadde komme til bordet, og han var faktisk framleis bunden.

”Nei,” sa sverdet. ”Noko er gale. Kan vere eg ikkje tok heilt feil likevel.”

”Å,” sa Heltepetter. ”Godt. Eller, ikkje.” Han hadde byrja å like den gamle kongen allereie.

Kongen klappa i hendene. Tenarane, som hadde vore heilt stille, som marmorsøyler, spring til live, og byrja å diske opp bordet med dei finaste rettar. Ei gammal kvinne, nesten like skral som kongen sjølv, dukka opp frå ingen stader og sat seg på kongens venstre side.

”Dette er dronning Marionette,” sa kongen. ”Ho er kona mi.”

”Hyggeleg å møte deg, endeleg,” sa dronninga til Heltepetter.

Ein tenar kom endeleg og skar over tauet som heldt hendene til Heltepetter saman. Han kunne nesten ikkje røre dei, og djupe, sinte raude merke lyste mot han. Han dansa litt med fingrane for å prøve å få blodet i gang igjen. Han prøvde å gjere det diskré under bordet, men velta eit vinglas som gikk i tusen knas på golvet. Ein tenar sprang bort og byrja å samle opp bitane, heilt stille og utan at noko blei sagt.

Heltepetter såg det ikkje, men dronninga såg på kongen og rista svakt på hovudet. Kongen såg tankefull ut.

Gjennom måltidet fikk Heltepetter vise kor dårleg han eigna seg som prins. Han visste ikkje kva for kniv han skulle bruke. Han kunne ikkje konversere. Han hadde ikkje sett dei siste teateroppsetjingane, lese den siste boka til den siste forfattaryndlingen eller ein gong vore på ein einaste diktopplesing. Kvar gong han måtte seie ”Eg veit ikkje” eller ”Kva tyder det” sukka dronninga. Sjlkv det magiske sverdet hans kunne ikkje hjelpe han, ”Eg har stått for lenge i eit paraplystativ,” sa det.

Heltepetter kunne ikkje tru kor mykje mat dei hadde laga, berre til han. Korkje kongen eller dronninga åt spesielt mykje meir enn éin bit frå kvar rett. Heltepetter blei etter kvart så stappmett at han hadde maten heilt opp til svelget, men han kunne ikkje la noko vere på tallerkenen, det var frekt, hadde mora (mora?) hans alltid sagt, og dei la på meir og meir etter kvart som han åt.

Etter åtte rettar kom heldigvis desserten, og Heltepetter hadde ein eigen dessertmage. Og det var godt. Elles hadde han ikkje fått i seg sjokolademoussen.

Han rapte høgt.

Dronninga såg stygt på han. Hna la ikkje merke tli det.

“Eg trur ikkje skikkane har endra seg SÅ mykje sidan eg sist var ute i verda,” sa sverdet, “så ver så snill og ikkje gjer det der, ok?”

“Kva då?”

“Kroppslydar. Det gjer seg ikkje.”

“Men det er heilt naturleg!”

“Speler inga rolle.”

“Å.”

(MÅ HOPPE OVER LITT HER, DET ER FOR KEISAMT.)

(HELTEPETTER BLIR KASTA I EIT FANGEHOL.)

“Kan du ikkje lage noko lys?” sa han til sverdet. “Du kan vel i det minste gjere det?”

“Eg trudde eg hadde gjort det klart for deg at eg ikkje faktisk er magisk,” sa sverdet surt.

“Ikkje klart nok. Du har marknadsført deg sjølv som eit magisk sverd.”

“Greitt: eg er ikkje eit magisk sverd. Eg er ikkje magisk. EG ER IKKJE MAGISK!”

“Du treng ikkje å rope!” skreik Heltepetter høgt.

“Du forstår visst ikkje når eg ikkje gjer det.”

“Det gjer eg vel, eg høyrer deg heilt fint, og eg forstår alt du seier når du berre seier det du meiner, ikkje pakkar det inn i masse annan drit heile tida.” Dei var aleine, så det var heilt greitt å snakke høgt, tenkte Heltepetter, han var såpass frustrert at han ikkje klarte å halde det inne i seg.

"Fint," sa sverdet, "då sjak eg vere veldig mykje tydelegare i framtida, eg skal ikkje la deg tvile på noko eg seier. Skjønar du? Eg skal seie alt HEILT tydeleg!" Dei siste orda sa det sakte, tydeleg, Heltepetter kunne nesten sjå for seg munnen og leppene dets som laga overdrivne rørsler.

"Ja då, ja då," sa Heltepetter. "Kan du ikkje heller hjelpe til enn å berre vere sur?"

"Det er du som er sur."

"Eg skulle ønskje at eg aldri hadde ønskja meg eit magisk sverd. Det er mykje betre i bøkene. Mykje."

"Alle magiske sverd kan ikkje vere like bra."

"Du sa nettopp at du var magisk!"

"Du sa det først!"

"Hald kjeften din. Kan du ikkje heller fortelje meg kvifor du enda opp i sverdet? Eller at du fikk ein personlegdom, ikkje start å mase med det no igjen."

"Nei," sa sverdet.

"Kvifor ikkje?"

"Eg har sagt det før, eg hugsar ikkje."

"Eg trur ikkje på deg."

"Fint for deg."

"Herregud."

"Ok, ok. Det kan hende at eg gjorde ei gammal trollkvinne sur."

"Eit troll?"

"Ei heks."

"Korleis?"

"Eg trur eg kalla henne stygg."

"Var ho det?"

"Gjett om."

"Men ho visste det ikkje sjølv?"

"Elles ville ho berre ikkje tenkje på det."

"Å."

"Ja. Uansett, ho kasta ein forbannelse over meg."

"Så du måtte bli eit sverd?"

"Eg måtte prøve å hjelpe andre som stadig dømde folk basert berre på utsjånad."

"Dei høyrest forferdelege ut."

"Ho meinte heltar."

"Å." Heltepetter tenkte på alle bøkene han hadde lese om heltar. Dei hadde ein tendens til å drepe alle vettar og la alvar vere i fred. Men han hadde møtt, eller i alle fall høyrd om, snille vettar og slemme, valdelege alvar. Kanskje heltar var litt raske nokre gonger. Men oftast måtte dei handle raskt for å redde seg sjølv om den vakre prinsessa.

"Men nokre gonger må det gjere ting før dei får tenkt seg om," sa han.

"Det prøvde eg òg å seie," sa sverdet.

"Men ho høyrde ikkje på deg?"

"Ho hadde gått allereie."

"Og den er ingen som kan bryte forbanninga?"

"Ingen har prøvd."

"Verkeleg? Ingen?"

"Nei, alle heltane mine har generelt kasta meg så fort dei har komme over eit betre magisk sverd."

"Å."

"Ja. Eg er visst ikkje så populær."

"Det er kjipt."

"Ja."

"Men eg likar deg," sa Heltepetter. Han kunne ikkje trud at det var han som sa det, han hata nesten sverdet, som aldri ville hjelpe han, og berre var surt heile tida. Men det hadde vore med han lenge, lenger enn stakkars Gunda, til og med.

"Ikkje tenk på henne," sa sverdet.

"For det første," sa Heltepetter, "så likar eg ikkje når du les tankane mine og berre svarar på noko eg ikkje har sagt. For det andre, kvifor skal eg ikkje tenkje på henne? Ho døydde for meg. Forstår du det? Ho er daud!"

"Eg forstår det heilt fint, eg meiner berre at det ikkje er konstruktivt."

"Det kan vere så konstruktivt det berre vil, eg kjem meg ikkje ut av denne cella uansett, eg kan vel tenkje litt på nokon som ofra seg sjølv for meg."

"Ok, då," sa sverdet.

"Takk," sa Heltepetter. Han prøvde å tenkje litt på Gunda, berre av di han hadde sagt at han skulle gjere det, men tankane hans flaug med ein gong. Han tenkte på Pulsarina, som alltid visste kva ho skulle gjere. Han skulle ønskje han var meir som henne. Han skulle ønskje ho kunne komme og redde han frå dette fengselet. Han hadde vore kronprins og høgt elska i ein time. Det hadde vore den bste timen i livet hans. No var det over, han visste ikkje eingong kor lenge han hadde igjen å leve.

Han hadde ikkje eigentleg forstått det siste dei sa. Hadde han blitt dømd til dauden for å lyge for dei? Han trudde kanskje det.

"Om eg døyr no," sa han til sverdet, "ver så snill og hugs meg. Eg trur ikkje eg har nokon eg vil sende ei melding til, andre enn deg. Du er den siste vennen eg har igjen."

Sverdet sa ingenting.

"Altså, om du får ein sjanse til å snakke direkte med Pulsarina så kan du godt seie til henne at eg lika henne vledig godt og at ho sannsunlegvis er den kulaste personen eg nokon gong har truffe. Nei, ikkje sei det. Sei at ho er den kulaste personen eg har truffe. Ingen andre kan samaliknast. Ho er fantastisk, sei det til henne, og sei at eg gjerne skulle hatt meir tid med henne."

Sverdet sa ingenting.

"Og om du får ein sjanse til å seie noko til Fotonetta, så sei at eg lika henne og at ho berre må gi folk ein sjanse til å like henne. Ho er ikkje så ille spm ho likar å få folk til å tru. Ho må berre sleppe dei innpå seg litt. Og kanskje vaske seg litt oftare."

Sverdet sa ingenting. Heltepetter trudde det var noko han berre høyrde, men det snufsa faktisk ein iten gong.

"Eg veit at eg ikkje har vore ein bra helt for deg, sverd. Eg har alltid ville vore ein helt, men eg innser at eg ikkje gjer meg som helt. Eg gjer meg betre som postmann. Eller postombærar, eg trur ikkje det speler så mykje rolle. Eg skulle ønskje eg kunne gitt deg vidare til ein meir verdig helt, eller prøvd å setje deg fri, men vi får heller berre ha desse timane saman."

Sverdet sa ingenting.

"Hei, høyrer du etter?"

"Øhm, hei, kva?" sa sverdet.

"Kvar var du?" No var Heltepetter irritert igjen, han kunne høyre det på si eiga stemme.

"Eg rpøvde å få oss ut herfrå!"

"Korleis? fikk du det til?"

"Nei, eg prøvde å leite etter ein annan helt, men om ein finst her nede er han medvitslaus."

"Eller ho," sa Heltepetter. "Helt bør vere ein kjønnsnytral term."

"Eller ho," sa sverdet.

"Så vi kjem oss ikkje ut?"

"Ikkje sei det."

"Korleis?"

"La meg prøve nokre ting til."

Og så blei det heilt stille.

Heltepetter fikk vondt i rumpa av å sitje stille på det harde, kalde golvet, så han reiste seg og byrja å vandre rundt den vesle cella.

"Du, kan du ikkje slutte med det der?" sa sverdet. "Det er så vanskeleg å sikte når du heile tida flyttar på deg."

"Nei," sa Heltepetter. Han drog av seg sverdbeltet, og kasta det ned på bakken. Han visste ikkje kvifor han ikkje hadde gjort det før, det hadde berre aldri falle han inn. Han kjende seg både fri og naken utan sverdet. Det hadde ligge som eit lokk i sinnet hans, alltid der, no var det borte, og han hadde berre seg sjølv i alle tankane sine. Det var einsamt.

Så snubla han.

Han burde ikkje vore overraska, og eigentleg var han ikkje det. Det var berre kva han snubla i. Han var van med å snuble i sine eigne føter, men han hadde ramla over noko stort, og varmt. Ikkje veldig varmt. Kroppstemperatur. Litt kaldare, kanskje.

Han prøvde å kjenne kva det var for noko. Det fantest ikkje ein einaste partikkel av lys, sjølv ei ugle ville ikkje sett noko der nede. Så han måtte berre flytte hendene over tingen, gjenstanden. Han forstod raskt at det var ein person.

"Hallo?" sa han. Prøvde å riste litt i skuldra til den ukjende. "Er du vaken?"

Openbart ikkje. Han prøvde litt forsiktig klapsing på kinnet, han hadde høyrd at det var måten å få nokon medvitne igjen. Det hjelpte ikkje.

Han prøvde igjen, litt hardare. Andletet han kjende var mjukt, huda var tynn, han syntest han kjende rynkar, så han ville ikkje ta for mykje i, han måtte vere forsiktig om det var ein gammal mann. Det var definitivt ein mann, trudde han. Eller ei veldig stygg dame.

Personen rørde så vidt på seg. Heltepetter pusta letta ut. Han hadde vore redd for at det hadde vore ein nyleg daud, ein fortsatt varm, mann, han delte celle med. Det hadde vore meir enn han hadde orka, trudde han.

mannen laga ein liten lyd. Eit grynt, mest, eller eit snøft. Heltepetter venta spent på at mannen skulle seie noko meir. Det gjorde han ikkje.

Han prøvde å riste på skuldra igjen. "Kven er du?" sa han. Han håpa det ville gi eit svar.

Det gjorde det ikkje, men ei skjelving gikk gjennom kroppen til mannen. Han byrja å riste svakt. Heltepetter visste ikkje kva han skulle gjere, så han prøvde å setje opp mannen, så han var meir komfortabel, og sleppte å liggje direkte på bakken. Det var vanskeleg i mørkret.

"Høyrer du meg?" sa han. Det var altfor stille, han kunne høyre sine eigne andedrag, sitt eige hjarte slå hardt. "Kven er du?"

"Eh," sa ei tynn, sliten stemme. "Eg hugsar ikkje. Eg er ingen."

"Neidå," sa Heltepetter, som ikkje lika eksistensielle kriser. "Kva er namnet ditt?"

Ein pause. "Ast-noko," sa mannen.

"Ast-kva?" sa Heltepetter.

"Astrono," sa mannen. ongen. Dette var kongen. Dette var kongen!

"Kong Astrino?" spurfde Heltepetter, som ikkje heilt junne tru det. Men det var ingen andre som heitte Astrino. Det gadde blitt registrert som trademark under dåpen til kongen.

"Ja," sa kong Astrono.

"Eg har leita etter deg," sa Heltepetter, som ikkje eigentleg visste korleis ein snakka med kongar, sørleg etter at den førre han hadde snakka med truleg ville få han hengt neste morgon.

"har du?" sa kongen.

"Ja," sa Heltepetter. "Du har vore borte, dei er bekymra for deg."

"Å," sa kongen. "Men eg er berre her."

"Det er bra," sa Heltepetter. "Kor lenge har du vore her?"

"Eg veit ikkje," sa kongen. "Eg hugsar ikkje."

"Kvar var du før?"

"Eg var på tur..." sa kongen usikkert.

"Kvar var du på tur?" Heltepetter visste ikkje heilt kvifor han måtte vite dette, men det syntest viktig.

"I skogen, trur eg."

"Kvifor var du i skogen?"

"Eg måtte finne noko. Nei, nokon."

"Kven?"

"Eg trur..." sa kongen. “Eg trur eg hadde ein son. Han blei borte.”

“Når?” sa Heltepetter, som fikk ei dårleg kjensle.

“Det må ha vore... nesten tjue år sidan. Nei, søtten-atten.”

“Å,” sa Heltepetter. Han orka ikkje meir av dette.

“Visdomsdragen forklarte ein profesi som sa at eg måtte finne han.”

“Å,” sa Heltepetter. Han lika ikkje heilt at det var to liknande profesiar som han godt kunne passe inn i. “Fann du han?”

“Nei,” sa kongen. “Eg var plutseleg her.”

“Veit du kvar du er?”

“Nei.”

“Du er under slottet til kong Somal.”

“Å.”

“Ja.”

“Kva gjer eg her?”

“Korleis skulle eg vite det+ eg er berre ein liten gut frå landsbygda, eg er LEI av at de alltid skal forvente at eg skal kunne fikse alt mogleg!” sa Heltepetter.

“Å,” sa kongen.

“Og eg er lei av at de heile tida seier at eg er sonen dykkar, for det er eg mest sannsynleg ikkje!” sa Heltepetter.

“Å,” sa kongen.

“For det finst tusenvis av gutar der ute som er sånn cirka atten år og som har hatt foreldrar dei ikkje alltid har likt aller best. eg visste det ikkje før, men eg likte dei, eg. Eg lkte dei veldig godt. Dei var ikkje dei penaste eller rikaste eller smartaste eller kanskje snillaste eller mest rettferdige, men dei var MINE foreldrar!”

“Ja,” sa kongen.

“Eg meiner, kor mange gutar heiter vel ikkje noko med Petter? Eller Puerre eller kva det no enn er du absolutt vil seie at sonen din heit, som liknar frykteleg på Petter?”

“Piedro,” sa kongen.

“nettopp,” ssa Heltepetter.

Og så sank det inn. Han hadde hatt heilt rett, heilt utan å vite det, at kongen hadde kalla sonen sin for noko som likna på namnet hans.

“Eg hatar visdomsdragen,” sa Heltepetter låtg. “Eg skulle ønskje han var her, så eg kunne sparke han godt i rævva!”

Sjwopp, sa det, og klask, og sliiiip.

“Kva skjedde no?” sa kongen.

“Eg trur kanskje ønsket mitt blei oppfylt,” sa Heltepetter, som angra med ein gong på at han hadde gløymd kva som skjedde når han ønska seg ting.

“Er det deg, visdomsdrage?” sa han.

Ei tynn stemme kremta. “Ja, det er meg,” sa den, medan den prøvde å leggje seg så mykje ned i toneleie den kunne.

“Kan du ikkje lage litt lys her?” sa Heltepetter.

“Jo,” sa visdomsdragen. haldet den hadde på den tynne mørke stemma glapp, og den var igjen skingrande og høg. “Plukk opp sverdet ditt.”

Heltepetter fomla rundt i mørket, prøvde å finne kvar han hadde lagt det. Merkeleg nok skein det litt, så det var lettare å finne enn han hadde trudd.

Han trekte sverdet ut av slira. Det lyste som ein fullgod fullmåne, og blenda stakkars Heltepetter.

“Uæææ!” sa han. Ved å leggje handa for auga og myse skikkeleg, kunne han no sjå cella han var i. Den var lita, det hadde han visst, med ru og røffe veggar av grunnfjell. Den siste veggen var eit tjukt metallgitter, med tynne sprekkar ikkje eingong Pulsarina hadde klart å komme seg gjennom.

Kongen, strkkars, såg veldig gammal ut der han låg lent mot den kalde, klamme veggen. Nesten like gammal, faktsik, som fanatsike kong Somal over dei. Heltepetter myste litt nærare på dei. Det såg ut til at det faktisk var ein familielikskap mellom dei.

“Å herregud,” sa han.

“Kva er det?” sa kongen.

“Du er vel ikkje i slekt med den gærningen, er du det?”

“Kven?”

“Kong Somal.”

“Jo.”

“Kvifor kan ikkje berre folk fortelje meg alt eg treng å vite med ein gong!?” ropte Heltepetter.

Ei kynisk stemme i hovudet hans sa: “For då ville ikkje historia fått den dramatiske oppbygginga den har no.”

Det var ikkje Heltepetter som var blitt gal. Det var det infernalske (det var ordet Heltepetter ville brukt om han hadde kunna det) sverdet igjen, det hadde lagt seg som eit tynt slør om sinnet og sjela til Heltepetter, så forsiktig at han ikkje haded merka det.

“Og no lar eg deg ALDRI gå igjen!” kakla sverdet.

“Men eg trudde du ville ha ein betre helt,” sa Heltepetter.

“Du er ein dårleg helt,” sa sverdet, “men du er utruleg well connected.”

“Takk?” sa Heltepetter.

“Eg har aldri hatt ein helt som var gjenstand for så innfløkte profesiar som deg. Åh, intrigane!” sa sverdet henrykt.

“Og om de ikkje treng meg meir,” sa visdomsdragen medan den vralta mot gitterdøra, ”så trur eg at eg stikk heimover igjen.”

“Nei,” sa Heltepetter, og dragen fraus midt i eit steg. Den hadde allereie byrja å flytte vekta over til foten som no hang midt i lufta, og dnne rørsla fortsette sjølv dom resten av dragen var stokk stille. Det enda med eit bras og eit drønn, og kongen var borte.

“Å gud!” skreik Heltepetter. “Å gud å gud å gud, no har du drept kongen!”

“Neida,” skalv kongen, “eg er i live, trur eg, eg berre sit fast.”

“Men så flytt deg då!” sa Heltepetter til visdomsdragen.

Den skaut gjennom lufta og trefte den motsette veggen med eit vått klask.

“Går det bra med deg?” sa Heltepetter til kong Astrono. Han var bekymra for den gamle mannen. Han hadde sikkert osteoporose, hjarteinfarkt og diabetes, alt på ein gong. Og å bli velta av rosa dragar var sikkert ikkje godt for ein gammal mann.

“Å ja,” sa kongen. “Eg toler då såpass.”

“Godt,” sa Heltepetter.

“Skal du ikkje sjå til visdomsdragen?” sa sverdet.

“Klarar ikkje han seg erimeleg bra, då?” sa Heltepetter.

“Aauuu,” kom det frå hjørnet. Heltepetter kravla over til dragen. “Eg trur eg har brekt vingen,” sa den.

“Å,” sa Heltepetter. “Kva skal eg gjere med det?”

“Ønsk det bra igjen, då, dust,” sa sverdet.

“Eg skuløe ønskje at vingen til visdomsdragen ikkje var brukken,” sa Heltepetter, men han høuyrde på seg sjølv at han ikkje eigentleg meinte det.

Visdomsdragen moaned igjen.

“Hjelpte det?” sa Heltepetter.

“Nei,” sa visdomsdragen. “Men ikkje prøv igjen, du kjem berre til å kløne det til.”

“Gjer eg vel ikkje,” sa Heltepetter, og ønskja at han klarte å lege dragen, berre for å vise han at han kunne få til noko.

“Æææ!” skreik dragen, men etterpå slo den litt med vingen, som virka fin igjen. Ein masssiv vind slo mot Heltepetter, sverdet og kongne.

“Du gjorde det med vilje!” sa Heltepetter anklagande.

“Lca då?”

“Du nyttaa omvend psykologi på meg!”

“Gjorde eg?”

“Ja!”

“Har du bevis? Kan det halde i ein rettssal?”

“va meiner du?” sa Heltepetter, og hata visdomsdragen meir intenst.

“Ingenting, ingenting,” aa visdomsdragen smugly.

“Eg veddar på at rosa eigentleg er ein jentedragefarge, og at du berre er sånn av di ingen av dei andre dragane ville leike med deg.”

Om det ikkje hadde vore sånn før, så var det i alle fall det no. Så kaftige var kreftene til Heltepetter blitt.

“Ikkje snakk om fargen min!” sa visdomsdragen. Har du høyrd eit barn skrike noko liknande: tenk deg korleis det løyd, gang det opp med hundre, og legg til fleire hundre kilo med eldpustande dinosaurslektning. Heltepetter trekte seg, umerkeleg, vekk frå dragen.

Sverdet skaut forsiktig inn: “Eg ville ikkje gjort det, om eg var deg, verkeleg, den har det ikkje heilt godt med akkurat den delen av imaget sitt.”

“Unnskyld,” sa Helteptter. Eg tar det tilbake.”

Men han kunne ikkje ta det tilbake. Det var ikkje sånn det funka.

“Kan du,” prøvde han å seie høfleg og pent, “ta oss med ut herifrå?”

“Ja,” sa visdomsdragen.

“Kvifor,” sukka Heltepetter, “sa du ikkje det med in gong?”

“Du spurde ikkje.”

“Å klapp igjen,” sa Heltepetter. “Nei, eg tar det igjen.”

“Godt,” sa sverdet tørt, “du lærer.”

Den gamle kongen lkatra opp på ryggen til visdomsdragen, og drog Helteptter opp etter seg.

“Wiii!” skreik han medan dragen letta. “Vi flyr!”

heltepetter, derimot, var redd for å skli av, og tenkte tilbake på rideturen opp ned på salknappen til kidnapparen sn. Det rista og skumpa forferdeleg, og då dei trefte taket kneip han auga igjen og venta på å døy fredsamt. Han lenfta nesten etter lyset i enden av tunneleg, janskje han då ville få litt fred.

Men nei.

Visdomsdragen spratt gjennom golvet, flaug med eit par vingetak opp, og dalte ned på eit kaldt, kvitt marmorgolv. På tronen sat kong Somal.

Dei to kongane låste kvarandre med blikket.

“Du,” sa kong Astrono.

“Deg,” sa kong Somal, han smilte stivt, han hadde vel ikkje forventa at dei skulle bryte ut så lett. Men det burde han, sett at han prøvde å halde ein protaginust fanga i eit enkelt fangehol. Eg meiner, det er ganske gjennomskodeleg, at det ikkje kjem til å gå. Hadde kong Astrono blitt sitjande der aleine kunne han ha vore der til han døydde av alderdom, men så fort han plasserte Heltepetter i same cella var han dømd.

“Eg hadde ikkje trudd eg skulle sjå deg igjen så fort,” sa kong Astrono.

“Fort? Det har vore over femti år. Eller har du blitt så senil at du ikkje higsar det?” sa Somal spydig.

“Eg forventa ikkje å sjå deg igjen før i helvetes eld,” sa kong Astrono.

“Hah!” sa Somal. “Vi hadde aldri treftest der.”

“Trur du at du er spart for profesien berre av di du rømde til eit anna land?” ropte kong Astrono. “Nei! Lagnaden din følgjer etter deg.”

Heltepetter kunne ikkje anna enn å sjå frå konge til konge. Dei blei raudare og raudare i andleta etter kvart som skrikekampen fortsette.

“Du veit ikkje in gong kva profesien tyder!” sa kong Somal.

“Kanskje ikkje,” sa kong Astrono, “men eg blei i alle fall igjen for å møte den som ein mann.”

“Ein mann? Du har alltid vore ein gut. Du har ikkje ein gong klart å få ein son!”

“Har eg ikkje? Eg krev full DNA-testing av denne guten!”

Der fikk Heltepetter stadfestinga han ikkje hadde sett etter. Kong Astrono meinte at han var den bortkomne sonen, en bortkommen son han aldri hadde høurd om før, i alle fall ikkje at han var sakna.

“Eg kravde det først!” sa kong Somal.

“Sepeler inga rolle.”

“Gjer det vel.”

“Du kan ta ein samtidig.”

“Ja vel då.”

“Men du ville jo ikkje ha han ein gong.”

“Kven seier det?”

“Du hadde tenkt å halshogge han i morgon!”

“Kven har fortald deg det?”

“Guten sjlkkv!”

“Og du trur han forstår det vi seier?”

“Sjølvsagt ikkje, men eg reknar med at han forstår når nokon har tenkt å gjere han hodelaus.”

“Tja,” sa kong Somal, “vi får nå sjå på det då.”

“Uansett, han kom for å finne meg, det sa han. No har han funne meg, og må dermed ta meg med heim. Adjø, Somal, eg vonar eg ikkje ser deg igjen før eg er daud som ei sild.”

“Sild? Eg skal gi deg sild, eg!” sa kong Somal, og knipsa med fingrane. Frå sprinklaranlegget byrja det å regne små sølvfarga fiskar. Heltepetter fanga ein i handa, det var ei bitteliten sild i tomatsaus.

Snart var både han, kong Astrono og visdomsdragen dekt i eit fiskeslimete lag av tomatsaus. Golvet var ikkje lenger skinande marmor, det var ein fiskegrav, djupt begravd at einkvar katts innerste draum.

Heltepetter prøvde å vade seg ut av rommet, så han kunne gjere som kong Astrono sa, og komme seg vekk. Han hadde byrja å ikkje like nokon av kongane, dei ville berre ha han for genane hans.

Men, han var Heltepetter, og det ville han alltid vere. Han tråkka på ein av dei sleipe fiskane, og tryna med munnen først i sjøen av havets sølv. Han sat ein liten fisk i halsen, og heldt på å døy inntil kong Astrono kom til han med ein hendig heimlich-manøver.

Fisken skaut ut halsen hans, gjennom den opne munnen, forbi tennene som hadde trunge ein real omgang med tannkosten, og trefte kong Somal i auget. Den aldrande kongen greip seg til andletet, mista balansen og skleiv på det sleipe golvet. Han landa med hovudet først på ein bar bit av marmoren.

Det gav ein ekkel lyd.

Visdomsdragen var den første som klarte å ta seg over til den falne monarken.

“Daud,” sa han, og ville ikkkje seie meir.

“Du drap broren min!” sa kong Astrono.

“Unnsjyld,” sa heltepetter, “det var ikkje meininga.” Han visste ikkje heilt kva han skulle seie. Han kom på eit råd det magiske sverdet hadde gitt han. “Kondolerer.”

Kongen såg stygt på han. “Det gjer du ikkje. Du veit ikkje ein gong kva ordet tyder. Innrøm det!”

Heltepetter innrlmde det. “Men eg er lei, altså, det var ikkje emininga. Dessutan var det mist like mykje din feil som min.”

“Prøver du å seie at eg drap min eigen bror?”

“Nei!” sa Heltepetter. Her nytta ikkje ein liten sundagsrotur, han måtte hekte på motoren. “Nei, det var ikkje det eg meinte, eg meinte at det var min feil, ikkje din.” Og så stoppa han seg sjølv.

“Kom deg unna!” sa sverdet.

Heltepetter prøvde å gjere som det sa, men kong Astrono greip armen hans hardt. Heltepetter hadde aldri trudd at det var så mykje styrke igjen i den gamle mannen, men han kom seg altså ikkje vekk.

“Eg meiner det,” sa sverdet, “du må komme deg vekk frå den daude kongen!”

Heltepetter prøvde halvhjarta å komme seg ut av greipet til den gjenlevande ongen. “Kvifor?”

“Når slekta deira døyr,” sa sverdet fort, stakkanda om det hadde hatt lunger, “kjem det små vesen for å hente kroppen. Eg veit ikkje kva dei gjer med den, men dei tar med seg alt i nærleiken i dragsuget.”

“Kom, vi må gå!” sa Heltepetter til kongen. Han greidde til slutt å rokke kongen, mest av di han klarte å dra heile vekta hans.

“Sjå, der kjem fjompane!” skreik visdomsdragen.

Små, lilla, runde vesen kravla ut frå veggane, opp gjennom sildelaget på golvet, solidifiserte ut av taket frå små lilla droper av eitt eller anna som ikkje var vatn. Dei stimla saman rundt kongekroppen. Heltepetter såg bak seg, prøvde å få med seg kva som skjedde medan han, kongen og dragen sprang ut av rommet. Eit stort svart hol danna seg rundt kongeliket. Først byrja sildene å ltte frå golvet, og sugast inn i det svarte holet. Det gikk fortare og fortare, svupp, svupp, svupp svupp svupp svupp svuppsvuppsvuppsvppsvupp. Møblane var dei neste som byrja å sleppe taket i bakken, saman med silda som låg lenger frå holet. Heltepetter snudde seg, og sprang det han var kar om.

Gjennom marmorsal etter marmorsal, overdådig dør etter overdådig dør, han kunne berre følgje etter visdomsdragen som halvt sprang, halvt flaug framfor han. Kong Astrono hadde framleis ikkje sluppe taket i armen hans, og no kunne han nesten ikkje føle handa som kvilte på sverdet.

Mørkret frå det svarte holet kom nærare og nørare dei. Helteoetter drog sverdet med den handa kong Astrono ikkje heldt fast, det lyste opp, såg ut til å lage ein front mot det svarte som truga med å sluke dei.

"For kongen!" skreik han. Han visste ikkje kvifor, det berre virka som noko ein kunne ripe medan ein sprang hjennom eit palass med sverdet dratt. Ingen sa noko, så Heltepetter rekna med at det gikk bra.

Plutsekeg ploppa dei ut av hovuddøra på slottet. Dei gigantiske eikedørene (ER DEI EIK? SA EG NOKO OM DET?) stod så vidt på gløtt, og først glapp visdomsdragen ut, så kong Astrono, og så Heltepetter med sverdet i handa.

Han såg seg tilbake. Det var ikkje spesielt mtkje meir igjen av slottet enn dørene dei akkurat hade komme ut av. Han ville springe vidare, men folkemengda stod så tett at det gikk ikkje.

Dei ropte noko. Heltepetter forventa at det var noko à la "lynsj han! lynsj han!", men sverdet hjelpte han å omsetje: "Kongen er daud! Leve kongen!"

"Er kong Astrono konge her òg, no?" spurde han.

"Nei, dummen. Kongen annonserte arvingen sin før han døydde, men han tok det aldri tilbake offentleg. Du er konge no."

Heltepetter besvmite kontant.

Han våkna til med fem eller seks bekymra andlet over seg. "Går det bra?" sa dei, og "treng du noko? Litt vatn?" Og fem eller seks hender tilbaud han med ein gong fkem eller seks vassflasker.

"Neidå," sa han, og skulle nesten ønskje han kunne synke gjennom jordas overflate. Tenk det, å besvime framfor dei kongelege undersåttane sine. Han var så flau at han trudde han skulle døy.

hendene løfta han opp, sjølv om han kunne stå heilt fint sjølv, støtta han opp og heldt rundt han.

"Slepp meg," sa han, kanskje litt surt, i alle fall utolmogid.

Dei fem eller seks personane andleta og hendene ktilhøyrde trekte seg raskt tilbake, dei såg bekymra ut. "Nei nei, det er ikkje noko probem, altså," as Heltepetter, han var ikkje van med å roe folk. "Eg vil berre ha litt space." Persoane byrja å dytte andre folk unna, så det etter kvart kom til syne ein stor flekk med bar bakke rundt Heltepetter.

"Du må seie noko!" sa sverdet til Helteptter.

"Kva?" sa Heltepetter.

"Du er kongen deira! Berre sei noko til dei!" sa sverdet, som om det hasta frykteleg.

Heltepetter såg utover sjøen med folk som no såg mot han. Han var ganske sikker på at eit ganske lite mindretal faktisk kunne sjå han. "Drage," kommandeerte han, han hadde aldri kommandert før, men han likte det visst godt, kjende han, "la meg klatre opp på ryggen din."

Sverdet låg framelis i den høgre handa hans, det skein som eit verkeleg magisk sverd. Heltepetter stod breibent på drageryggen, han håpa at han ikkje ville falle av, få mptte han berre abdisere.

"Øhm," byrja han. "Hei."

"Hei!" kom det veltande frå folkedjupet mot han.

Han tenkte seg om. Kva sa ein konge til folket sitt? Han hadde aldri vore med på det før, ig han var ikkje noko flink til å finne på. Sverdet ville ikkje hjelpe han. Han blei ganske irritert på det, det hadde hatt massevis av heltar, det hadde sikkert vore med på kongetalar før, og visste sikkert kva eit folk ville høyre.

Så tenkte han seg om, tenkte på dt han nettopp hadde tenkt. Det folk ville høyre. Kva hadde han villa høyrd om han såg den nye kongen.

"Eg er veldig lei meg for den gamle kongen," sa han. Han var ikkje eigentleg, men folka hadde sikkert likt han, så då var det like greitt.

"Eg visste ikkje før i dag at eg var ein kongeson," sa han. Folkehavet drog inn ein hollektiv pust. "Men eg trur ikkje det er så ille. Eg trur, og eg veit ingenting, for eg har ikkje så mykje utdanning, at det kan vere bra for eit land at nokon som veit korleis folk ahr det, ikkje verre dei høge og flotte som allereie har store hus, at det er dei som styrer landet." Han gikk seg litt bort medan han snakka, men han fikk ein stor applaus lukevel.

"Høyr høyr!" høyrde han ei stemme seie. Ingen hadde sagt det om noko han hadde sagt før.

"Så eg lovar å gjere så godt eg kan som konge!" sa han, og halvveges klatra, halvveges fall av drageryggen.

"Du skuldar meg ei teneste, veit du," sa visdomsdragen. "Eg lar ikkje folk stå på ryggen min og halde talar gratis, veit du."

"men eg har allereie gjort ting for deg," sa Heltepetter. "Eg fann kongen, han er rett her borte." Han skulle til å peike, men kongen var borte. Det var berre han, sverdet og dragen. "Kvar er han?"

"Eg trur ikkje oppdraget ditt er riktig ferdig, eg," sa visdomsdragen spydig. "Så, gå no!"

"Ikkje snakk til meg sånn!" sa Heltepetter. "Eg er faktisk kongen av dette landet! Du kan ikkje disse meg på den måten."

"Kan eg ikkje? Kva gjer du om eg fortset?"

Heltepetter hadde lyst til å seie at han skulle kappe hovudet av visdomsdragen, men han innsåg at det var tyrannisk og ikkje den moderne typen konge han ville bli.

"Ok, eg skal finne kongen," sa han.

Han byrja å speide etter den gamle kallen. Det var altfor mange menneske til å finne han i mengda, så Heltepetter gadd ikkje eingong å byrje å leite der. Det svarte holet som slukte slottet hadde stabilisert seg, og var no litt mindre enn slottet hadde vore, sjlv om heile bygningsmassen var borte. Han gikk langs holet, frå visdomsdragen, mot sjølve byen. Han måtte passe seg så han ikkje gikk for nærme, for då kjende han noko dra i seg, som om det framleis ville sluke han. Han kunne berre håpe at det ikkje hadde tatt kongen òg. Då ville han jo aldri få til å returnere han til byen.

"Hei!" ropte han då han kom seg litt vekk frå den verste klynga. "Kong Astrono! Kvar er du?"

Han fikk ingen svar, men han var usikker på om lyden av stemma hans ikkje berre blei slukt av det store svarte holet som hang tungt i lufta.

Han fikk berre gå vidare. Til slutt forlet han staden der slottet hadde vore., og vandra innover i byen. Han hadde aldri vore aleine i ein så stor by, innsåg han, han hadde alltid hatt følgje av Pulsarina og Fotonotta. Eller. Så han ønskte at han hadde selskapet deira no. Ein av dei, han skunda seg å rette seg sjølv.

Men det var for seint. Framfor han sto Pulsarina, i dei vanlege kleda sine: bukser, skjorte, med eit stort sverd på den smale hofta. Ved sida henne, Fotonetta, med eit kakestykke i handa. Heltepetter merka at han var svolten igjen. Det hadde blitt ei stund sidan banketten han hadde ete med salig-nabokongen. Han strekte ut handa etter kaka. Fotonetta rappa den raskt unna.

"Det er mi kake!" sa ho.

Og ho var kongeleg i eit anna land enn hans eige, så han tenkte at han måtte jp berre la henne ha den, for å bevare gode naborelasjonar. Det var viktig, hadde han høyrd, uvisst kvar, for Heltepetter las ikkje regelmessig avisa.

"Har de sett kong Astrono?" sa han.

"Sjølvsagt ikkje," sa Pulsarina. "Vi har nettopp komme, vi var heime før du fikk oss hit."

Det var verkeleg Heltepetter som hadde magifisert dei hit, då. Han hadde ikkje vore heilt sikker, skølv om indisiene var ganske klare. Han lurde på kvar grensene for dei nye kreftene hans gikk, og kva det var som hadde utløyst dei i han. Han hadde definituvt ikkje vore sånn før familien hans hadde brunne opp.

"Kva veit de om magi?" sa han høgt.

"Oss?" sa Fotonetta. "Ingenting. Kvar skulle vi lunne noko sånt frå?"

Men Pulsarina var ikkje einig. "Ikkje høyr på henne, Heltepetter. Vi har lært litt. Spør, og så kan det hende vi kan svare deg, vi kan i alle fall prøve så godt vi kan."

"Det er Pierre no," sa Heltepetter. "Kong Pierre."

"kva?" sa Pulsarina.

"Kven er det som har blanda deg saman med nokon som liknar på deg, no då?" sa Fotonetta.

"Kva? Det har aldri skjedd før." sa heltepetter. "Eg har aldri blitt blanda saman med nokon eg liknar på før, det er berre noko du finn på. Eg er sonen til kong Somal, og no som han er daud, er eg konge." Han trudde famleis ikkje heilt på det sjølv, men han måtte berre seie det om og om igjen til sjølv han trudde det.

"Kan de hjelpe meg å leite?" sa han.

"Sifta du tema så lett?" sa Pulsarina.

"Kvar er vi, eigentleg?" sa Fotonetta.

Heltepetter peika. "Det der var slottet til kong Somal."

"kva? Vi er i nabolandet?"

"Ja," sa Heltepetter. "Eg blei kidnappa hit."

"Og du trur at faren vår er her?" sa Pulsarina.

"Han var rett her i stad," sa Heltepetter oppgitt.

"Og så sleppte du han ut av syne?"

"Eg mptte halde ein tale!"

"Ein tale? Du? Det trur eg ikkje før eg får sjå det," sa Fotonetta.

"Du burde ikkje snakke sånn til meg," sa Helteptter. "Eg jan få ddeg halshogd om eg vil."

"Ja? Og korleis skal du klare det?"

Heltepetter ville svare henne, men stoppa seg sjølv. Han såg ingen vakter i raude uniformer. Alle hadde vore inne i slottet. Kanskje dei hadde blitt slukt av det svarte holet. Han hpoa ikkje det, dei fortente ikkje det, sjølv om dei hadde vore hardhendte med han. Dei hadde jo berre følgd orde.

"Ok," sa han, og skifta tema endå ein gong. "Vi må berre byrje å leite. Kan de sjå ein veg han ville gått?"

"Dit!" sa Pulsarina og peika.

"Nei, dit!" sa Fotonetta og peika i ei heilt anna retning.

"Veit de ingenting om daren dykkar?" sa Heltepetter. "Ikkje ein gong kva retning han hadde gått frå eit slott som var i ferd med å bli slukt av eit stort svart hol?"

"Det er ikkje så lett, veit du?" sa Pulsarina.

"Sa du slukt av eit stort svart hol?" sa Fotonetta.

"ja," sa Heltepetter, men han rekna med at det berre var for å gjere narr av han. Alle kunne jo sjå det.

Fotonetta snudde seg mot Pulsarina. "Men då," sa ho, "då må det jo vere sant."

"Kva?" sa Heltepetter.

"Ja..." sa Pulsarina. "Men korleis kan det vere det?"

"Fortel meg kva de snakkar om!" sa Heltepetter. Han merka at stemma plutseleg var mørk og myndig.

"Det er berre menn i familien vår som kan sjå effekten når nokon i familien vår døyr," sa Pulsarina.

"Så du må vere fetteren vår," sa Fotonetta.

"Uff," sa Pulsarina.

"Kva meiner du?" sa strakkars Heltepetter.

"Eg meiner verre, eg likte deg betre då du var ingen frå landet."

"Haha, Inger frå landet," fniste Fotonetta.

"Nei," sa Heltepetter. Var det verkeleg sant? Han trudde sverdet berre hadde lurd han tidlegare då det sa at han var arvingen til kong Somal, han hadde aldri trudd, ikkje meir enn ein liten time ved middagsbordet, at han faktisk kunne vere kongeleg.

"Så velkommen i familien," sa Pulsarina.

"Og velkommen til å vere landet vårt sitt hatobjekt nummer ein," sa Fotonetta.

"Men," sa Hetepetter. "Eg vil ikkje vere eit hastobjekt."

"Synd for deg," sa Fotonetta.

"Nei, gi deg no," sa Pulsarina. "Kanskje vi kan ordne det så folka i dei to landa våre ikkje hatar kvarandre meir."

"Men dei hatar ikkje meg," sa Heltepetter. "Det er midt på natta, og dei er her framleis for å juble for meg."

"Ein bortkommen son er noko heilt anna," sa Pulsarina. "Du har komme over og gjennom alle vanskelegheitene det innebærer å bu i vårt land." (DET ER LITT VANSKELEG NÅR DESSE LANDA IkKJE HAR NAMN, ALTSÅ.)

"Å," sa Heltepetter.

"Mhm," sa Pulsarina.

"Men vi må framelsi finne Astroon," sa Heltepetter. "Visdomsdraegn vil ikkje sleppe meg fri før han er heime igjen."

Pulsarina sukka litt. "Eg hadde akkurat vent meg til at han var borte..." Som ein ettertanke: "Skal bli godt å få han heim igjen."

"Du meiner du hadde akkurat blitt van med fridommen," sa Fotonetta spydig. "Og du hadde det eigentleg fint utan han. Du har aldri likt han uansett."

"Har eg vel!"

“Du har berre likt at ingen har kontroll på når du kjem heim og kven du kjem heim med?”

“Nei!” skriek Pulsarina. “Eller jo, men du insinuerer at eg kjem heim med kven som helst. Det er ikkje sant.” Ho var med eitt rolegare igjen. Heltepetter kunne nesten høyre henne telje til ti høgt.

“Eg har sett dei,” sa Fotonetta. Ho sa det ikkje, men Heltepetter kunne sjå for seg lista ho laga for kvar av søstrene. Alle besøka dei fikk, når besøka gikk igjen. Kva ydar ho kunne høyre gjennom døra. Korleis ho måtte gøyme seg når nokon kom eller gikk, så dei ikkje skulle sjå henne.

"Har du spionert på meg?" sa Pulsarina. Sjølvsagt, tenkte Heltepetter, dei gjorde ikkje anna, dei kongelege i det slottet.

"nei!" sa Fotonetta, men ho raudna så mørkt at det såg ut som om ho var like ved å eksplodere av for høgt blodtrykk.

"Korleis skulle du elles ha fått vite det?"

Heltepetter kunne ikkje la det gå lenger, det virka nesten som om det var nære ein fysisk slåsskamp. Og sjølv om Fotonetta hadde nokre kilo på Pulsarina, var det ikkje tvil om at edt vr den yngre søstera som kom til å vinne. Og om Heltepetter måtte velje ein favoritt blant dei to måtte det vere den eldre. Han cennecta med henne på eit djupare plan. Han hadde nesten ingen ting til felles med Pulsarina, annan enn ein draum der dei to var saman. Og det var jo ikkje strengt tatt noko han hadde til felles med henne. Og nå som dei var fetter og kusine var det berre feil, uansett.

"Stopp!" sa han. "Pulsarina - du går den vegen," han peika i den retninga Fotonetta hadde peika for litt sidan. "Og Fotonetta, du går den vegen." Han peika den retninga Pulsarina hadde indikert.

"Men," sa Pulsarina, men Heltepetter avbrøayt henne: "Ikkje noko men! Gjer som eg seier!"

"Kva skal du gjere?" sa Fotonetta.

"Ikkje bry dykk om det," sa Heltepetter, og elska at han turde å seie det. Det hadde han aldri turd før han blei konge.

"Javel," sa Pulsarina, men ho var furt.

heltepetter var usikker på om ho verkeleg ville gjere sitt beste for å finne kongen, eller berre gå yt av syne, pg furte eller drikke til han såg henne igjen. Samtidig var han usikker på om Fotonetta ville gjere noko. Når han tenkte tilbake hadde ho aldri gjort noko sjølv for å finne faren sin.

Han starta å gå ut i byen etter dei.

Han måtte berre gå på måfå, han visste ikkje kvar han skulle byrje, han visste ikkje ei einaste retning å peike i, han hadde kjend kongen i kanskje ein time, og visste ikkje kva dumme val han ville ta i ein situasjon som denne.

Det tok ikkje lang tid før han hadde gått seg vill, i sin eigen tronby. Han syntest alle husa såg like ut, dei var firkanta boksar av mursteinar for han, og han såg ikkje kva boksar han hadde sett før, og kva boksar han allereie hadde gått forbi.

"Kong Astrono!" ropte han igjen. Stemma hans gjalla mellom husa og nedover gatene. Det høyrdest altfor høgt ut, han var redd for at nokon skulle komme og finne han.

Det var eigentleg utruleg dust. Kven var det som skulle finne han? Og, viktigare, kva skulle dei gjere med han om dei fann han? Han var kongen deira! Og han var tydelegvis populær. Allereie.

Så det kunne ikkje gjere noko å rope så høft han ville nedover dei folketomme gatene, som om det var den reinaste 17. mai. Han kunne skrike av glede, så høgt han berre klarte, og det kunne stimle folk rundt han, og det ville ikkje gjere noko.

Likevel hadde han ei kjensle, djupt i magen, av at han måtte gøyme seg. Den gikk mot all logikk, og han prøvde å skyve den unna, men den ville ikkje flytte seg. Noko var gale, men kva, og kvifor.

"Eg trur det var for lett," sa sverdet.

"Endeleg!" sa Heltepetter. "Eg hadde byrja å tru at du aldri ville snake til meg igjen."

"Jodå."

"Er du fornøgd, no som eg er konge?"

"Fornøgd og fornøgd. Eg er meir opptatt av at heltane mine skal få vise det fulle potensialet sitt."

"Men det får eg jo gjere som konge!"

"Tja. Eg meiner du har eit potensiale til å bli ein god postmann. Konge... eg veit ikkje. Eg trur ikkje du har det i deg."

"Men eg er av kongeleg blod!"

"Det er mange andre òg. Og du er ikkje eingong førstefødd."

"Korleis veit du det?"

"Trur du ikkje dei hadde hatt litt meir panikk, tidlegare, om den eldste sonen til kongen forsvann som spedbarn? Nei, eg trur din eldre bror er daud. Eller ute av stand til å regjere, på eitt eller anna vis."

"Kva meiner du?"

"Han kan ha blitt gal. Eller grønsak. Eller ha mistillit hjå folket, så sterk at dei aldri ville godtatt å a han som konge."

"Men dei veit jo ingenting om meg!"

"Nokre gonger er det ukjende betre enn det kjende. Betre sjangse for noko bra."

"Så eg er betre enn noko forferdeleg?"

"Eller ein daud prins, ja."

"Men du veit det ikkje! Det er berre noko du trur!"

"Ja, det er berre noko eg trur. Men eg har vore må på mangt eit kongeskifte før. Ikkje alltid som den sigrande."

"Den sigrande?"

"Ja, nokre gonger er det feire kandidatar. Då kan det hende at det ikkje er så heldig å vere den tapande parten."

"Godt at det ikkje er det her, då."

"Tja, ingen du har høyrd om. Eg trur det framleis er mykje vi ikkje veit."

"Framleis? Å gud, er ikkje denne historia over snart?"

"Å nei då, vi har framleis ein bit igjen."

Heltepetter ville leggje seg ned og berre grine. "Kan eg ikkje berre reise heim igjen?"

"Men du var så glad for å bli konge."

"Eg trur ikkje eg hadde tenkt meg om."

"Og du har det no?"

Heltepetter tenkte seg om. Når ein var konge måtte ein ta store beslutningar heile tida, og ein måtte ta absvaret når nko gikk gale. Han var redd for å ta feil avgjersler. "Ja."

"Ok, då får vi finne ein måte å få deg heim på, då.”

“Men eg lova: eg må finne ein måte å splitte deg og sverdet.”

“Eller meg og personlegdommen.”

“Ja.”

“Korleis gjer eg det?”

“Eg trur du må finne ein trollmann.”

“Kvar finn eg dei?”

“Må eg fortelje deg alt?”

“Ja.”

“Ok. Går nedover den gata der - nei, ikkje den, den andre - til du kjem til eit gigantisk, rauft, rundt hus. Det er samfunnssalen deira.”

“Det var vel ikkje så vanskeleg,” sa Heltepetter. Han ville vere spydig tilbake, men han høyrdest berre petty ut.

Gata var forlaten. Det var ikkje ein lyd, ikkje eit lys i eit einaste vindauge.

Kvar var alle lysa han hadde sett då han reid inn i byen? Her var det heilt mørkt.

Han starta å gå nedover gata som sverdet hadde peika ut for han. Det var for det meste bustadhus, det blåste ien liten vind rundt hjørna åp alle husa, det laga ein skummel lyd, ein hesete og flagrete lyd. Nokre butikkar låg her og der, men dørene var stort sett planka for, med to plankar i kryss spikra på rammene og dørene. Han stoppa ved nokre av butikkane. Det var framleis varer i dei, men ikkje så mange, og alle saman var dekt av støv.

"Kvar er alle folka?" spurde han sverdet.

Det svarte ikkje.

Han banka på ei dør.

Ingen svarte.

"Eg er kongen," sa han, "eg kan berre gå inn, kan eg ikkje?"

Ingen svarte han, så han berre gjorde det.

Det var nesten heilt mørkt inne i huset. Det einaste av lys som kom inn var det svake skinet frå halvmånen som hang i himmeleg bak han. Han trekte sverdet nokre centimeter ut av skjeden, det blenda han nesten. Han måtte passe på å ikkje sjå direkte på det i framtida, tenkte han. Mde eitt var han ommgitt av møll og mygg som sast seg overalt i nærleiken av det luse sverdet.

"Gi dykk!" sa han, og prøvde å vifte vekk alle myggane som sat seg på armen og halsen hans. "Eg kjem til å få malaria. Eg er kongen i dette landet, eg kan ikkje få malaria no!"

Dei høyrde ikkje på han. Han valde lyset, elles ville han ikkje klare å gå innover i huset utan å øydeeggje noko. Det fikk berre vere med alle insekta og alle stikka han kom til å ha i morgon.

Det var ikkje ein einaste person der. Han gikk opp ffrå kjøkenet og stova til andreetasjen, som inneheldt to soverom. Det minste var heilt tomt, men då han opna døra til det størsta velta fem zombiar ut.

"Å herregud," sa han. "Kunne de ikkje funne på noko betre?"

Plopp! sa det, så var zombiane blodflekkede mumiar.

"No trur eg i alle fall ikkje på dykk," sa han oppgitt. Kva var dette, og korleis hadde han blitt modig?

"Eg trur dei er ein respons på eitt eller anna," sa sverdet.

Heltepetter slamra døra i andletet på dei stadig meir blodige mumiane. "Eg trur ikkje på at de er verkelege ein gong," sa han til dei.

"Ok, la oss finne desse trollmennene," sa han til sverdet og gikk raskt og bestemd ut av huset igjen.

Gata han gikk nedover prøvde igken og igjen å skremme han. På eitt tidspunkt kom det masse flaggermus og sveipa over hovudet hans.

“Gi dykk,” sa han, “dei treff ikkje folk om ikkje dei vil.”

Han såg ei vakker kvinne kledd i kvitt, halvt gjennomsynleg.

“Som om det der er skummelt,” sa han.

eit massivt troll dukka opp framfor han.

“Jaja,” sa han, “om de har gått heilt tom for futt, så.”

Til slutt var han framme ved den store raude bygningen. Han banka på døra. Den gav han eit kraftig elektrisk støyt, men han berre ignorerte det fullstendig. Då gjorde det ikkje så vondt.

"Er det nokon der?" ropte han gjenom døra.

Ei lita luke blei dratt open. Eit tynt, surt andlet titta ut på han.

"Ja?" sa det mistroisk.

"Eg vil gjerne treffe trollmennene," sa Heltepetter.

"Har du ein avtale?"

"Nei," sa Heltepetter.

"Skriv til oss, minst tre dagar før du kjem, så kan vi setje opp ein avtale," sa det ubehagelege andletet. Nesa var lang og vortete, auga små og griseaktige.

"Eg er den nye kongen," sa Heltepetter. "Slepp meg inn."

"Å, men då så!" sa andletet sarkastisk. "Alle må ha ein avtale, sjølv kongar."

"Men det er viktig!" sa Heltepetter.

"Det gjer heile skilnaden," sa andletet.

"Eg er ein helt."

Andletet endra seg fullstendig. Det lyste opp i glede. "Kom inn! Kvifor sa du ikkje det med ein gong?

"Eg trudde ikkje det var relevant."

"Det har den største relevans!"

Døra svingte innover på gamle, knirkete henglsar. Heltepetter såg inn i ein sal som var så stpr at det ikkje kunne fått plass i bygningen sjølv, sjølv om den var stor i seg sjølv.

"velkommen, helt!" tordna ei stemme. Heltepetter hadde byrja å mistru tordnande, booming stemmer. Dei sat gjerne fast i folk som ikkje ville han noko vel.

"Takk," sa Heltepetter. Han likte ikkje eigentleg at dei var meir opptatt av at han var helt enn at han var konge. Konge hadde han klart å bli sjølv (vel, nesten), helt var berre noko han var av di han hadde fått ein profeti tredd over hovudet på seg.

han gikk innover rommet. Ein gammal mann, like gammal som dei to kongebrørne, minst, sat bak eit skrivebord som var minst like stort som ein folkevognbuss. Nesten like høgt òg, stolen han sat på hadde ekstra lange bein og ein fotplate.

"Her er han!" sa trollmannen, for det var ein trollmann, han hadde ein spiss blå hatt med stjerner, og ein lang kappe med magiske symbol på. Han såg rundt seg, til skuggane som skjulte hundrevis av trollmenn som ikkje hadde dratt til slottet for å sjå den nye kongen. "No er helten her!"

"Har de venta på meg?" sa Heltepetter. Han myste litt. Det var dunkelt i rommet, og vanskeleg å sjå, men han syntest denne gamle trollmannen likna på nokon han kjende.

"Vi har venta på deg sidan du blei fødd, guten min," sa trollmannen.

"Kvifor?" sa Heltepetter.

"Sjå! Det er akkurat som profetien sa! Han er ikkje spesielt kvikk."

"Hei!" sa Heltepetter. Han sat ikkje pris på sånt.

"unnskyld, guten min," sa trollmannen, halvt venleg.

"Kan nokon vere så snulle," sa Helteptter, "å fotrtelje meg kva alle desse profetiane går ut å?"

"Er det fleire?"

"Ikkje lat som om du er dum. Eg har høyrd om tre allereie. Ingen har gidde å forklare meg kva dei faktisk gpr ut på, eg har berre forstått at dei involverer meg."

"Eg veit berre om denne. Men eg skal seie kva den går ut på: når heile byen feirar ein ny konge skal ein forvirra helt trasse alle forsvara og komme til trollmannborgen. Han skal vere sonen til erketrollmannen, og vere den nye erketrollmannen."

"Å gud," sa Heltepetter.

"Kva?"

"Eg trur det basically er same profeti som to av dei andre, berre at eg er sonen til to kongar."

"Kven?"

"Kong Somal og kong Astrono."

"Hmm..." sa trollmannen.

"Kva?"

"Dei er -"

Heltepetter avbrøyt han: "brørne dine. Ikkje prøv å seie det ein gong."

"Dei er brørne mine."

"Vel, sorry, den eine er daud, og den andre er borte."

"Å?"

"Ja, eg må finne Astrono. Det er eigentleg viktigare enn profetien din."

"Det kan det ikkje vere. Ingenting er viktigare enn den stpre profetien vår."

Heltepetter snudde for å gå ut igjen.

"Men kven skal vere den nye erketrollmannen vår om ikkje du?"

"finn ein annan jævla helt. Det kjem sikkert til å komme fleire gjennom døra i kveld."

"Natta er snart over, snart er det dagen etter at den nye kongen blei annonsert for byen."

"Men eg kan ikkje vere sonen til tre ulike fyrar. Det er faktisk fysisk umogleg."

"Er du sikker på at du er sonen til dei andre?"

"Ja!" Han tenkte seg om. "Nei."

"La meg gjere ein prøve på deg, ver så snill."

"Nei."

"jo då."

"Berre om de frir sverdet frå personlegdommen sin først," sa han pg peika på sverdet som hang og dunka inntil beinet hans kvar gong han rørde på seg.

"Eller personlegdommen frå sverdet," sa sverdet.

"Slutt," sa Heltepetter.

"Ok," sa erketrollmannen.

Ein ring av trollmenn samla seg. Dei la sverdet på bakken.

"Gå og stå litt unna, sa erketrollmannen, "dette kan sprute litt."

Dei byrja å syngje ein sang Heltepetter aldri hadde høyrd før, på eit språk han aldri hadde høyrd før heller. Songen var rytmisk, ikkje som nokon song han hadde høyrd før, nokon sinne.

"Vent!" ropte sverdet til han. "Eg har ombestemd meg!"

"For seint," sa Heltepetter, han var berre glad for at det kanskje kom til å slutte å plage han sånn.

Trollmennene byrja å gå rundt i ringen. Dei heldt kvarandre i hendene, dei gikk først to skritt til venstre, så to skritt til høgre. Så gikk dei to skritt inn i ringen, så den blei mykje mindre, så ut igjen, så ringen blei større. Og så heiste dei opp høgre fot og sparka den til venstre. Så byrja dei på nytt igjen, gikk til venstre, så til høgre, etc.

Eit gigantisk lysssøyle starta å forme seg inne i ringeen, mellom alle trollmennene. Heltepetter kunne ikkje sjå kva som foregikk inne i lyssøylen før den blei litt mindre lyssterk etter eit minutt eller så. Han såg noko som såg ut som eit menneske, krøket over, det bøyde seg meir og meir over, før det blei heilt borte igjen.

Trollmennene kollapsa på bakken. Dei pusta og peste tungt.

Heltepetter sprang mot dei. Sverdet var heilt borte. Det var ikkje einging ein oersin der. Han ville berre skilhe dei frå jvarandre, ikkje utslette dei heilt. Men dei ville nok vore veldig, veldig gamle om dei hadde fått leve. Kanskje så gamle at dei ikkje hadde kunne leve. Han hadde aldri spurd kor gammal personlegdommen inni sberdet hadde vore, men det hadde hatt mange heltar, så det var nok sikkert fleire hundre år gammalt.

Det fortente sikkert å ikkje leve så mykje meir. Men Heltepetter sakna allereie den syrlege og sarkastiske stemma som likevel kunne fortelje han kva han skulle gjere når han var i tvil sjølv. Og det var han stort sett alltid fir tida, dei siste dagane.

Han skulle ønskje svertdet hadde kunna fortelje han kva for profeti som var sann. Han var kanskje ikkje son av kong Somal, kongen sjølv hadde jo tatt det tilbake. Men kong Astrono hadde verka som at han trodde på det han sjølv sa, at Heltepetter var sonen hans. Pg denne trollmannen var visst ikkje i tvil.

"Berre ut av rein nysgjerrigheit," sa Heltepetter, “kva kalla du sonen din?”

“Petrus.”

Heltepetter sukka. Han skulle ha gjetta det.

"Kan du bevise at eg er sonen? Eg vil ikkje ta det for god fisk, nemleg."

"La meg gjere eit spell. Det vil fortelje oss kven som er foreldrane dine."

"Greitt," sa Heltepetter. "Kor lang tid tar det?"

"Berre fire timar," sa trollmannen.

"Nei, då går eg heller og finn kongen," sa Heltepetter.

"La oss hjelpe deg på vegen, i alle fall."

"Korleis?"

"Vi ser etter han i krystallkula."

"Kor lang tid tar det, då?"

"Burde ikkje ta meir enn eit par minutt, om han framleis er i byen."

"Ok, då."

Ein litt yngre trollmann sprang fram og plasserte ei stor, tåkefarga glaskule på skrivebordet. Erketrollmannen justerte hatten litt fram og tilbake. Så byrja han å stirre intenst inn i kula.

"Kva ser du?" sa ein av dei andre trollmennene.

"Eg ser ein utslitt gammal kropp," sa erketrollmannen, nesten med fryd i stemma. "Han ligg krøka saman, det er vanskeleg å sjå kvar..."

"Zoom ut, dykkar erkeheit," sa ein annan av trollmennene.

"Å!" sa erketrollmannen.

"Kva ser du no?"

"Eg ser... han ligg på bakken ein plass... som ser veldig kjend ut."

"Kvar har du sett det før?"

"Det er i smuget bak her," sa erketrollmannen.

Heltepetter gadd ikkje å vente, men streid kontant ut døra og rundt det store runde raude huset.

I eitt av dei tronge smuga låg kongen og sov. Han snorka. Heltepetter ville nesten ikkje vekke han, han såg så fredsam ut.

"Kong Astrono!" sa han likevel. "Du må våkne!"

"Mmm... berre fem minutt til," sa den gamle kongen.

"Nei," sa Heltepetter bestemd. "Du må dra heim no. Der kan du sove."

Kongen strekte på armane. "Det var faktisk ikkje så komfortabelt å sove her uansett. Før an, unge mann. kvar skal vi?"

Heltepetter visste ikkje. Han var sikker på at både det etter kvart magiske sverdet, Fotonetta og Pulsarina kunne fortald han kva retning han skulle gå i. Han prøvde å sjå på himmelen etter eit teikn. Himmelen var for den største delen svart - det var for lyst til å sjå stjerner. Men ein del av himmelen var for mørk. Det var ikkje berre ein mangel på stjerner - ingen stjerner kunne eksistere på denne flekken med hardt mørke.

"Dit!" sa Heltepetter og peika.

Dei kom etter kvart tibake til den store, opne plasen der kongeslottet ein gong hadde vore. Folkemengda hadde byrja å løyse seg opp no, men visdomsdragen var der framleis.

“Fort!” sa Heltepetter. “Ta oss heim!”

Visdomsdragen grynta. “Berre av di du er konge tuder ikkje at du kan bosse meg hit og dit. Eg er visdomsdragen, eg er større enn deg.”

“Men du treng ikkje å snakke til meg sånn.”

Visdomsdragen såg skrått på Heltepetter. Han måtte tenkje tilbake. Første gong han såg visdomsdragen hadde jan ikkje hatt noko som helst. Han hadde ikkje kjend Fotonetta og Pulsarina, som han forstiktig kalla “venner” for seg sjølv. Han hadde ikkje vore konge i eit land. Han hadde ikkje hatt ein far. No hadde han nesten tre. Og han hadde aldri tore å snakke sånn til visdomsdragen.

“Poff,” sa visdomsdrasgen, og så fikk han ikkje gjennomgått meir oppsummering av karakterutviklinga si.

Dei stod i den store ballsalen i slottet til kong Astrono. Fotonetta og Pulsarina var der òg. Dei såg ganske desorienterte ut.

“Sånn,” sa Heltepetter. “No har eg funne kongen og levert han heime hjå seg sjølv. Om han forsvinn igjen er det ikkje min feil. Kanskje de bør installere ein GPS på han.”

“Takk, kjære Heltepetter!” sa Pulsarina og kasta seg om halsen på han. Kunne ho ikkje ha gjort det før dei blei søskenborn eller eventuelt søsken, tenkte Heltepetter. Det var vanskeleg å komme til lags med kjenslene han hadde no.

“Ja, takk, eller noko,” sa Fotonetta. Ho verka sur.

“Berre hyggeleg,” smilte Heltepetter.

“Kva vil du ha som belønning?” sa visdomsdragen.

“Eg vil heim igjen,” sa Heltepetter.

“Ja,” sa visdomsdragen. “Du har mykje å gjere. Du må byggje deg eit nutt slott og få tillit hjå folket ditt...”

“Nei,” sa Heltepetter. “Eg utnemner Fotonetta som dronning over nabolandet. Ver vitne, visdomsdrage.”

“Ok.”

“Og så vil eg heim til landsbyen og vere postmann igjen.”

“greitt,” sa visdomsdragen, og skalv litt.

“Nei, vent!” sa Heltepetter. “Eg ønskjer at eg ikkje har magiske krefter meir!” Han ønskja så hardt han kunne. Han merka ikkje noko skilnad, men han prøvde ikkje å gjere noko heller. “Ok, send meg heim.”

Så stod han midt på torget, framfor rådhuset, i sin eigen landsby, og korkje visdomsdragen, kongen, eller nokon av prinsessene var saman med han.

SLUTT